Basal-lamina

(Omdirigert frå Basale lamina)

Basal-lamina er eit tynt lag som ligg mellom overflatevevet (epitel) og andre organiserte cellegrupper (t.d. musklar) og bindevev).[1] Membranen er samansett av eit tynt nettverk av ECM-komponentar, hovudsakleg protein som er skilde ut frå epitelceller.[1] Basal-lamina skil dei ulike vevstypane frå kvarandre, og inneheld fleire aktive signalmolekyl.[1] Basal-lamina er normalt ikkje meir enn 60-120 nm tjukk.

Mikroskopbilde av basal-lamina.

Dei fleste ECM-komponentane i basal-lamina blir syntetisert av cellene som ligg oppå han.

Ein ekstracellulær matriks hjelper med å organisere celler til vev, og koordinerer dei cellulære funksjonane ved å aktivere intracellulære signalvegar som kontrollerer cellevekst, proliferasjon (vekst) og genutrykking.

Mange av funksjonane til matriks treng adhesjonsreseptorar som bind seg direkte til ECM-komponentar, og som er integrerte med cytoskjeletta gjennom adapterprotein.

Adhesjonreseptorar bind seg til tre typar molekyl som det finst mykje av i ECM i alle vev:

Proteoglykanar – ei gruppe glykoprotein som verkar som «puter» rundt cella og som bindar saman ei rekkje ekstracellulære molekyl.

Kollagen – fiber som gir strukturell integritet, mekanisk styrke og motstandsdyktigheit.

Multiadhesive matriksmolekyl – som laminin og fibronektin. Bind seg til og kryss-linkar adhesjonsreseptorar i celleoverflata og andre ECM-komponentar.

Struktur endre

Fire proteinkomponentar er funne i basal-lamina:

  • Type IV-kollagen- trimerisk molekyl med både stav-liknande og globulære domene som dannar eit todimensjonalt nettverk.
  • Laminin – ein familie av multi-adhesive kross-forma protein som dannar eit todimensjonalt nettverk saman med type IV kollagen og som bind integrin og andre adhesjonsreseptorar. Det er eit heterodimerisk, kross-forma protein med ei total molekylvekt på 820000. Eit globulært LG-domene ved C-terminalen av alfaeininga fremjer (Ca 2+)-avhengig binding til spesifikke karbohydrat på visse celleoverflatemolekyl som syndekan og dystroglykan. LG-domene finst i ei rekkje protein og kan binde seg til steroidar, protein og karbohydrat.
  • Perlecan – eit stort proteoglykanmolekyl som bind og krysslenker mange ECM-komponentar og celleoverflatemolekyl.
  • Nidogen – òg kalla entaktin. Eit stavliknande molekyl som krysslenker type IV kollagen, perlecan og laminin. Hjelper og med å inkoorporere andre komponentar inn i ECM.[2]

Funksjon endre

Bygnaden til basal-lamina varierer mellom ulike celletypar. I nyrene verkar basal-lamina som eit molekylært filter. Der muskel og nerve møter kvarandre skil basal-lamina nerve frå muskel ved at den omsluttar muskelen. Den hjelper også med å regenerere synapsar etter skade. Basal-lamina gir støtte til epitelvevet som ligg over, og fungerer som eit filter som berre slepp gjennom vatn og små molekyl.[3]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 Trægde, Kristian Storaker, Mekanismer for metastasering (oppsummering) (2008), duo.uio.no
  2. Molecular Cell Biology, 6ed, Lodish, Berk, Kaiser, Scott, Bretscher, Ploegh, Matsudaira.
  3. Histology Guide