Basse-Normandie
Basse-Normandie sitt våpenskjold
Fakta
Hovudstad Caen
Regionspresident Philippe Duron
Flatevidd 17 589 km²
Folketal 1 449 000 (2006)
Rangering 17
Folketettleik 82 innb./km²
Arrondissement 11
Kantonar 141
Kommunar 1 812
Geografi
Plassering av Basse-Normandie i Frankrike

Departement
Calvados   Manche
Orne

Basse-Normandie (Nedre Normandie) er ein tidlegare region nordvest i Frankrike. Regionen vart oppretta i 1956 då regionen Normandie vart delt inn i Basse-Normandie og Haute-Normandie. Regionen inneheldt dei tre departementa Calvados, Manche og Orne. Dei to regionane Basse-Normandie og Haute-Normandie blei frå 1. januar 2016 slått saman til regionen Normandie.[1][2]

Dei store slettene i den vestlege delen av regionen vert stort sett brukt til jordbruk.

Økonomien i regionen er sterkt basert på jordbruk med buskap og meieridrift, tekstilar og fruktdyrking som dei store industriane. Jernmalm vart vunne ut nær Caen. Turisme er òg ein stor industri. Regionen har direkte ferjesamband til England (via hamna i Cherbourg og Caen Ouistreham) og strendene i Calvados er staden der dei allierte gjekk i land under D-dagen i juni 1944. Basse-Normandie vart hardt råka under den andre verdskrigen og mange av landsbyane og byane i regionen vart totalt øydelagd under Operasjon Overlord.

Område i Basse-Normandie er mellom anna Cotentin-halvøya og La Hague, Pays d'Auge og Bessin.

Byar endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

49°00′N 1°00′W / 49.000°N 1.000°W / 49.000; -1.000