Bastia er ein by og kommune nord på Korsika i Frankrike. Han er préfecture (hovudstad) i departementet Haute-Corse og har om lag 40 000 innbyggjarar. Bastia er òg ei viktig hamn på Korsika og er vidkjend for vinen sin.

Bastia
Hamna i Bastia
Hamna i Bastia
Hamna i Bastia
Byvåpenet til Bastia
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Korsika
Haute-Corse
Geografi
Flatevidd 19,38 km²
Flatevidd
 - By

19,38 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik

37 884
  1 955/km²
Koordinatar 42°42′03″N 09°27′01″E / 42.70083°N 9.45028°E / 42.70083; 9.45028
Høgd over havet 30 m
Tidssone
- Ved sommartid
UTC+01:00, UTC+2 (UTC)
UTC+2 (UTC)
Diverse anna
Heimeside: www.bastia.fr

Geografi endre

Byen ligg nordaust på Korsika ved byrjinga av Cap Corse. Bastia er den største hamna og handelssentrum på øya. Den årlege middeltemperaturen er om lag 15,3 °C og det er vanlegvis fem dagar med frost i året. Bastia har ofte kraftig vind og har ein normal årsnedbør på meir enn 700 mm, men har òg meir enn 340 dagar med sol på eit år.

Historie endre

Før genuesarane okkuperte Korsika var Cardo ein stor by. Rundt byen var det små landsbyar der fiskarar frå Cardo budde. Den litle hamna vart kalla Porto Cardo, som tyder «hamna i Cardo».

Genuesarane ville ha ei verna hamn frå havstormane og under guvernør Leonello Lomellini i 1380, byrja dei å konstruere ein bastiglia, ein tilfluktstad eller festning.

Etter kvart hadde bastigliaen (Bastia) meir framgang og vart viktigare enn Cardo.

Bastia var hovudstad av Korsika fram til 1791.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Bastia
  Reiseguide for Bastia frå Wikivoyage