Bathynomus
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Underrekkje: Krepsdyr Crustacea
Klasse: Storkreps Malacostraca
Orden: Isopodar Isopoda
Underorden: Flabellifera
Familie: Cirolanidae
Slekt: Bathynomus
A. Milne-Edwards, 1879

Bathynomus er ei slekt store isopodar som lever på botnen i djuphavet. Dei liknar vanlege skrukketroll, som dei er i slekt med,[1] men er mykje større. Dei største eksemplara er oppe i så mykje som 37 centimeter. Dette er eit døme på djuphavsgigantisme - tendensen mange djuphavsorganismar har til å vera vesentleg større enn slektningane sine på grunt vatn.

Slekta inneheld nær tjue artar og er utbreidd i Stillehavet, Atlanterhavet og Indiahavet.[2][3] Ein reknar med at dei er talrike.

Skildring endre

 
Bathynomus og reke ved Tokyo Sea Life Park i Japan.

Bathynomus kan delast opp i kjempeartar, der vaksne individ er mellom 8 og 15 cm lange, og «superkjempe»-artar, der vaksne individ typisk blir mellom 17 og 50 cm lange.[2][4] Ei av «supekjempene», B. giganteus, når typisk ei lengd på mellom 19 og 36 cm.[5] Det er blitt rapportert om eit individ på 76 cm i pressa, men den største bekrefta lengda var ca. 50 cm.[4]

Bathynomus er såleis særs mykje større enn dei fleste andre isopodar. Når ein derimot ser bort frå storleiken er det lite som skil dei frå andre nærskylde dyr; dei liknar særs mykje på skrukketroll. Kroppane er flattrykte ovanifrå og vert beskytta av eit hardt eksoskjelett av kalk. Dei første segmenta i dette skjelettet er samanvaksne over hovudet, dei har òg eit haleskjold som fungerer på same måten og vernar den forkorta bakkroppen pleon.[5] Dei har store fasettaugo som sit langt frå kvarandre på hovudet, og har nær 4000 fasett,[6] og to par antenner. Som skrukketroll kan dei krølla seg saman til ein ball der berre det tjukke skjelettet er på utsida.

Bathynomus har opphavleg sju par gangbein, men det første paret er omdanna til maxillipedar dyret nyttar til å putta føde inn i dei fire para med kjevar. På den forkorta bakkroppen har dei fem par bein som er omdanna til symjeføter og avflata gjellestrukturar.

Fargen er bleikt lilla eller rosaleten.[2][3]

Levesett endre

Bathynomus-artane lever frå djupner frå 170 til 2 140 meter, men er vanlegast frå 365 til 730 m. I denne sona er trykket høgt og temperaturane svært låge.[7] Det er funne nokre få artar på mindre djupner, særleg B. miyarei mellom 22 og 280 meter,[8] B. decemspinosus mellom 70 og 80 meter og B. doederleini på så grunt vatn som 100 meter.[2] Djupnerekorden for ein art er 2500 meter for B. kensleyi, men denne arten kan også opptre på så grunt vatn som 300 meter.[2]

Dyra er åtseletarar som ein reknar med at lever åleine, oftast på eit substrat av mudder eller leire.

Utbreiing endre

 
Bathynomus giganteus

Ein har funne eksemplar frå slekta i Vest-Atlanteren frå utanfor delstaten Georgia i USA til Brasil, medrekna Mexicobukta og Karibia.[2] Dei fire kjende atlantiske artane er B. obtusus, B. miyarei, B. maxeyorum og B. giganteus.[2][9] Dei gjenverande Bathynomus-artane finst alle berre i Indiahavet og Stillehavet.[2] Ingen artar finst i begge desse havområda; tidlegare identifiseringar av B. giganteus frå India-Stillehavet blir no rekna som feilidentifiseringar av andre artar.[2] Ein kjenner ikkje til eksemplar frå slekta frå Aust-Atlanteren eller Aust-Stillehavet.[2] Detn sørste artsrikdommen, med fem artar, finn ein utanfor Aust-Australia, men det er mogleg at andre område som er mindre utforska kan ha liknande tal.[2] Generelt er utbreiinga til Bathynomus framleis dårleg kjend, og det er mogleg det finst artar som ikkje er vitskapleg skildra.[2]

Eit studium utført i djuphavet aust for Australia brukte feller til å kartleggja artsrikdomen i åtseletarfaunaen der. Dei fann ut at dei største eksemplara levde på djupast vatn, men at det var færre artar der. Etter å ha samanlikna dei australske artane med somme frå Mexicogolfen og Indiahavet fann dei ut at dei nesten var identiske. Fossile funn viser at slekta har eksistert meir eller mindre uforandra i over 160 millionar år.

Føde endre

Levesettet deira er ikkje vidare spesialisert, men dei et for det meste kjøt som daude kvalar, fisk og blekksprut. Det kan òg tenkjast at fastsitjande eller trege dyr som sjøpølser, svampar, rundmakk, nesledyr og kanskje tilmed levande fisk. Ein kjenner til høve der dei har gått laus på trålfangstar.

Sidan mat er ein sparsam ressurs i djuphavet, har Bathynomus tilpassa seg å klara seg med det han finn. Dei toler lange periodar med svolt, og det er kjend eksemplar i akvarium som har overlevd i over fem år utan føde.[10][11] Når dei først får mat, et dei til dei får problem med å bevega seg. Eit studium av tarminnhaldet til 1 651 eksemplar av Bathynomus giganteus viste at fisk var den viktigaste bestanddelen i kosthaldet, følgd av blekksprut og tifotkreps som reker og trollhummarar.[5]

Formeiring endre

Ut frå kor mange ungdyr og vaksne ein finn på ulike delar av året reknar ein med at formeiringskapasiteten er størst om våren og om vinteren. Dette har sannsynlegvis med matmangel om sommaren å gjera. Modne hoer ber egga og dei yngste larvane i ein pung som vert danna av yngleplatar frå kanten av gangbeina. Det er uvisst kor lang tid larvestadiet varar.

Når dei unge isopodane kjem or pungen ser dei ut som miniatyrar av dei vaksne. Den einaste skilnaden er at dei manglar det siste gangbeinparet. Viss ei ho som ber på egg et for mykje kan ho miste egga sine.

Bathynomus og menneske endre

Den franske zoologen Alphonse Milne-Edwards var den fyrste til å skildra slekta[5] i 1879,[12] etter at kollegaen hans Alexander Agassiz samla ein juvenil hann av B. giganteus frå Mexicobukta.

Bathynomus er av lita interesse for kommersielle fiskeri, men er berykta for å gå til åtak på og øydeleggja fisk fanga i trålar.[13] Individ som er blitt fanga i Amerika og Japan blir nokre gonger viste fram i offentlege akvarium.[1]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Giant Isopod». Aquarium of the Pacific. Henta 3. juli 2017. 
  2. 2,00 2,01 2,02 2,03 2,04 2,05 2,06 2,07 2,08 2,09 2,10 2,11 Lowry, J. K. og Dempsey, K. (2006). The giant deep-sea scavenger genus Bathynomus (Crustacea, Isopoda, Cirolanidae) in the Indo-West Pacific. I: Richer de Forges, B. og Justone, J.-L. (red.), Résultats des Compagnes Musortom, vol. 24. Mémoires du Muséum National d’Histoire Naturalle, Tome 193: 163–192.
  3. 3,0 3,1 Mike Krumboltz (1. april 2010). «Sea Creature Surfaces, Chaos Ensues». Yahoo! Canada News. Arkivert frå originalen 9. april 2010. 
  4. 4,0 4,1 McClain, Craig R.; Balk, Meghan A.; Benfield, Mark C.; Branch, Trevor A.; Chen, Catherine; Cosgrove, James; Dove, Alistair D.M.; Gaskins, Lindsay C.; Helm, Rebecca R.; Hochberg, Frederick G.; Lee, Frank B.; Marshall, Andrea; McMurray, Steven E.; Schanche, Caroline; Stone, Shane N.; Thaler, Andrew D. (13 January 2015). «Sizing ocean giants: patterns of intraspecific size variation in marine megafauna». PeerJ 3: e715. PMC 4304853. PMID 25649000. doi:10.7717/peerj.715. 
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 Briones-Fourzán, Patricia; Lozano-Alvarez, Enrique (1 July 1991). «Aspects of the biology of the giant isopod Bathynomus giganteus A. Milne Edwards, 1879 (Flabellifera: Cirolanidae), off the Yucatan Peninsula». Journal of Crustacean Biology 11 (3): 375–385. JSTOR 1548464. doi:10.2307/1548464. 
  6. Chamberlain, Steven C.; Meyer-Rochow, V. Benno; Dossert, William P. (August 1986). «Morphology of the compound eye of the giant deep-sea isopod Bathynomus giganteus». Journal of Morphology 189 (2): 145–156. PMID 3746916. doi:10.1002/jmor.1051890205. 
  7. Cocke, B. T. (1987). Morphological variation in the giant isopod Bathynomus giganteus (suborder Flabellifera: family Cirolanidae) with notes on the genus (Master's thesis). Texas A&M University. s. 129 pp. 
  8. «Bathynomus miyarei». SeaLifeBase. 23. mars 2010. Henta 26. februar 2012. 
  9. Shipley, Oliver N.; Bruce, Niel L.; Violich, Mackellar; Baco, Amy; Morgan, Nicole; Rawlins, Scott; Brooks, Edward J. (2. august 2016). «A new species of Bathynomus Milne Edwards, 1879 (Isopoda: Cirolanidae) from The Bahamas, Western Atlantic». Zootaxa 4147 (1): 82–88. PMID 27515606. doi:10.11646/zootaxa.4147.1.6. 
  10. Gallagher, Jack (26. februar 2013). «Aquarium's deep-sea isopod hasn't eaten for over four years». The Japan Times. Henta 21. mai 2013. 
  11. «I Won't Eat, You Can't Make Me! (And They Couldn't)». NPR. 22. februar 2014. Henta 23. februar 2014. 
  12. Milne-Edwards, A. (1879). «Sur un isopode gigantesque des grandes profondeurs de la mer» [On a giant isopod from the deep ocean]. Comptes Rendus de l'Académie des Sciences (på fransk) 88: 21–23. 
  13. «Critter of the Week – Bathynomous giganteus, the giant sea slater». National Institute of Water and Atmospheric Research. Henta 3. juli 2017. 

Bakgrunnsstoff endre