Bayeuxteppet (fransk La Tapisserie de Bayeux, òg kalla Tapisserie de la reine Mathilde og tidlegare dessutan Telle du Conquest) er eit 70 meter langt brodert veggteppe som skildrar Vilhelm erobraren si erobring av England ved slaget ved Hastings i 1066, og hendingar som gjekk føre seg før denne erobringa. Kvar scene har ei påskrift i latin som gjer greie for kva som er framstilt.

Måltidsscene på Bayeuxteppet. Biskop Odon les bordbøn.

Teppet har namnet sitt frå byen Bayeux i Normandie i Frankrike. Det skal ha vore tinga av Odon de Bayeux, halvbroren til Wilhelm, for å synast fram i domkyrkja i Bayeux. Her hang det lenge, men er i dag utstilt i eit eige museum i byen. Bayeuxteppet vart ein del av UNESCO sitt verdsminneprogram frå Frankrike i 2007.[1]

Bayeuxteppet er 68,30 meter langt og om lag ein halv meter høgt, brodert i ni fargar med ulltråd på lintøy mellom 1066 og 1082, truleg i England. I dag manglar avslutninga av teppet. Mest truleg har det her vore ei framstilling av kroninga av Vilhelm som konge av England.

Langs både øvre og nedre randa av teppet går ein frise med små bilete av dyr og menneske i ulike situasjonar. På ein eller annan måte kommenterer bileta i desse to frisane dei einskilde scenene på teppet.

Ælfgyva endre

 
Ælfgyva (til venstre) og ein klerk (til høgre) under ei seremoniell handling av eit eller anna slag der portalen truleg spelar ei viktig rolle.

Berre tre kvinner er å sjå på Bayeuxteppet blant om lag seks hundre menn, og berre den eine av dei er namngjeve og har den sentrale rolla i den scena ho er synt i. Ho står inne i ein slags portal, medan det utanfor portalen står ein klerk (ein geistleg) som strekker eine handa fram for å røre ved kinnet hennar på eit elskeleg eller hardhendt vis. Den latinske kommentaren over scena lyder Ubi unus clericus et Ælfgyva, som tyder «her ein klerk og Ælfgyva». Denne stutte merknaden gjer det klårt at det i si tid har vore kjend for dei fleste kven Ælfgyva var, og kva meining denne scena har hatt i soga om erobringa av England. Men med tida har denne kunnskapen gått i gløymeboka, og i dag er denne scena den meste gåtefulle av alle scenene på teppet. Mange framlegg til løysingar på gåten har vore sett fram.

Den andre av teppets tre kvinner finst gråtande ved kong Edvards dødsleie (den nestsiste angelsaksiske kongen av England før landet vart erobra av normannarane), og ein reknar med at kvinna er kona hans Edith (òg kalla Eadgythe). Den tredje av kvinnene finst i ei scene som syner eit hus (huset hennar?) som er sett i brann av normannarane under erobringa av England.

Bilete endre

Krigsflåten til Vilhelm på veg mot England. Somme av skipa er lasta med hestar.

Kjelder endre

  1. «Memory of the World: Bayeux Tapestry» (på engelsk). UNESCO / Memory of the World. Henta 30. november 2014. 

Bakgrunnsstoff endre

Litteratur endre

  • Lemagnen, Sylvette (redaktør). 2009. La Tapisserie de Bayeux: une chronique des temps vikings? : actes du Colloque international de Bayeux, 29 et 30 mars 2007. Bonsecours: Point de vues. ISBN 978-2-915548-21-1
  • Lewis,Michael J.; Gale R. Owen-Crocker; Dan Terkla (redaktører). 2011. The Bayeux tapestry : new approaches : proceedings of a conference at the British Museum. Oxford: Oxbow Books. ISBN 978-1-84217-976-5
  • Rud, Mogens. 2006. Bayeux-teppet og slaget ved Hastings 1066. København: Christian Ejlers. ISBN 87-7241-132-5
      Denne kunstartikkelen som har med England og Frankrike å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.