Beagle-konflikten

Beagle-konflikten var ein grensetvist mellom Chile og Argentina om eigarskapen over dei tre småøyane Picton, Lennox og Nueva. Konflikten omfatta også den maritime lovgjevinga om sjøområdet i Beaglekanalen og Magellansundet i Patagonia i Sør-Amerika. Grensetvisten toppa seg i 1978 då Chile og Argentina kom svært nær krig.

Chilensk minefelt etter Beagle-konflikten.
Foto: Heretiq, 2006

Bakgrunn endre

 
Kart over Eldlandet, med grensene innteikna.

Etter at statane Chile og Argentina var oppretta, hadde begge landa sterk interesse for øygruppa Eldlandet på sørspissen av kontinentet. Den chilenske byen Punta Arenas vart oppretta i 1848, og argentinske Ushuaia kom i 1869. I 1881 underskreiv dei to landa ein grenseavtale der dei delte øygruppa mellom seg. Chile fekk den nordvestlege delen, heile Beaglekanalen og øyane sør for kanalen (ca. 2/3 av arealet), medan Argentina fekk den siste tredjedelen mot nordaust. Storøya i Eldlandet vart delt på midten. Ifylgje denne grenseavtalen låg dei tre øyane innanfor det chilenske området, men dei ligg rett sør for den argentinske delen av Storøya.

Den argentinske regjeringa tok kontakt med Chile i 1904 og bad dei definera kva som var den djupaste armen av Beaglekanalen for å definera kvar grensa meir nøyaktig skulle gå. Chile gav ikkje noko konkret svar på dette kravet, truleg av di regjeringa meinte at grenseavtalen allereie gav eit god definisjon på grensa. Konflikten fekk dermed halda fram med å ulma i tiåra som fylgde.

Fyrtårnet på Snipe endre

 
Skipet PP «Lientur».

I januar 1958 segla det chilenske marineskipet «Milcavi» til holmen Snipe. Mannskapet bygde eit fyrtårn der, noko Argentina må ha teke som ein provokasjon. Lykta vart installert i mai same året, men allereie i april hadde den argentinske marinekommandøren gjeve ordre om å øydeleggja fyrtårnet og byggja opp eit argentinsk fyrtårn i staden. Det chilenske tårnet vart såleis øydelagt og kasta i havet før eit argentinsk fyrtårn vart bygt.

Deretter, den 11. mai kom det chilenske marineskipet «Lientur» til holmen. Mannskapet tok frå kvarandre det argentinske fyrtårnet før dei fire dagar seinare fann restane av det chilenske tårnet i havet. Eit nytt chilensk fyrtårn vart bygt på Snipe av mannskapet på «Lientur» den 8. juni. Dette tårnet vart øydelagt av Argentina allereie dagen etter. Ein argentinsk kryssar fyrte laus mot det med kanonar og marinestyrkar okkuperte holmen for å symbolisera argentinsk herredøme. Trass i dette kom det ikkje til open væpna konflikt mellom statane. Ein vart samde om å ikkje ha noko fyrtårn på Snipe, og Argentina trekte styrkane sine attende.[1]

Konflikten tiltek endre

 
Dei to syna på grensene i Magellansundet.
Chilensk syn i svart og argentinsk syn i gult.

Konflikten tiltok i etterkrigstida av fleire årsaker. Kravområde i Antarktis vart stadig viktigare for begge statane. I havområdet rundt Eldlandet var det dessutan avgjerande transportruter for skip på veg frå Atlanterhavet til Stillehavet, viktige fiskerettar og moglege framtidige oljefunn.

Også Magellansundet vart no eit konfliktområde. Ein var samde om kvar grensa gjekk, men ikkje om kvar sundet tok til og kvar det tok slutt. Chile meinte at landet hadde fullt herredøme over sundet og hadde fri tilgang til Atlanterhavet. Etter argentinsk syn var austenden av sundet argentinsk, noko som medførte at dei hadde rett til å regulera båttrafikken gjennom sundet. I vest deler Magellansundet seg i fleire bukter og kanalar før det munnar ut i Stillehavet. Argentina viste til grenseavtalen frå 1881 og stod for at alle desse buktene og kanalane var ein del av Magellansundet, og at Argentina difor skulle ha fri tilgang til å segla i desse farvatna.

Presidentane i dei to landa, Salvador Allende og Alejandro Lanusse skreiv i 1971 under ein avtale om at dei ville gå til valdgift om dei territoriale og maritime grensene i området, særleg om eigarskapen over øyane Picton, Lennox og Nueva. Retten som skulle avgjera saka bestod av fem domarar frå den internasjonale domstolen i Haag. Den 2. mai 1977 avgjorde retten at øyane, samt alle nærliggjande landformer høyrte Chile til. Ei chilensk lovendring frå den 14. juni same året førte til ei sterk utviding av det chilenske havområdet. Dei argentinske farvatna vart innskrenka så mykje at hamnebyen Ushuaia ikkje lenger ville ha tilgang til Stillehavet gjennom argentinsk vatn. Etter rettsavgjerda gjekk Chile og Argentina til direkteforhandlingar.

Operacion Soberanía endre

25. januar 1978 kunngjorde Argentina at dei avviste valdgiftsavgjerda frå 1977. I løpet av 1978 mønstra dei militære båtar og hærstyrkar som skulle brukast i Operacion Soberanía den 22. desember same året. Operasjonen hadde til føremål å okkupera øyane rundt Kapp Horn. På denne tida var dei argentinske militærstyrkane klårt større enn dei chilenske, og dei fekk i tillegg importera våpen frå Frankrike, Tyskland og Austerrike. Det dåverande chilenske regimet var på si side godt førebudde på eit argentinsk åtak. Mellom anna planta dei minefelt i grenseområda mot Argentina, Peru og Bolivia.

D-dagen kom den 22. desember, men Argentina vart hindra av ein kraftig storm. Pave Johannes Paul II som hadde fått høyra om situasjonen bestemte seg for å handla raskt. Han kontakta begge regjeringane og varsla at han hadde sendt si personlege utsending, kardinal Antonio Samorè for å vitja både Buenos Aires og Santiago. 6 timar før kardinalen landa, avbraut Argentina operasjonen. Det er uvisst om dei argentinske styrkane på dette tidspunktet hadde kryssa grensa mot Chile eller ikkje.[2]

Fred endre

Etter at paven hadde gripe inn, kom det til fredelege forhandlingar mellom dei to landa. Den 9. januar 1979 underskreiv dei ein ikkjekonfliktavtale i Montevideo. Etter Falklandskrigen i 1982 vart ein endeleg fredsavtale underskriven. Dette skjedde i Vatikanstaten den 29. november 1984. Avtalen inkluderte ein eksakt definisjon på landegrensa gjennom Magellansundet og fastslo vidare at dei omstridde øyane tilhøyrte Chile, men at dei maritime rettane gjekk til Argentina. Kravområda i Antarktis er utan militær tyding etter at Antarktistraktaten tredte i kraft i 1961.

Kjelder endre

Fotnotar endre

Bakgrunnsstoff endre