Belenski most eller Bjala bru er ei bogebru over elva Jantra nord i Bulgaria, om lag 1 km frå landsbyen Bjala i provinsen Ruse. Ho vart rekna som ei stor bragd under gjenoppbygginga av Bulgaria på midten av 1800-talet.

Belenski most
Беленски мост

Typebogebru
StadNær Bjala i provinsen Ruse i Bulgaria
Opna1867
Fri høgd12 m
Største spenn12 m
Breidd6 m
KryssarElva Jantra
Materialebetong, stein
UtformingBogebru
TransportererBilar, fotgjengarar
ArkitektKolju Fitsjeto
Kart
Belenski most
43°28′11″N 25°43′30″E / 43.469633333333°N 25.725041666667°E / 43.469633333333; 25.725041666667

Brua vart konstruert mellom 1865 og 1867 av den bulgarske arkitekten Kolju Fitsjeto etter ordre frå den tyrkiske statsmannen Mithat Pasha. Ho er 276 m lang og 6 m brei, med 14 bogar som kvar har ei seglingshøgd på 12 meter og dekorert med relief av dyr. Brua er laga av lokal kalkstein og kalksteinsmørtel.

Belenski most vart skada under ein flaum i 1897, og om lag 130 meter av brua vart øydelagd. Ho vart rekonstruert mellom 1922 og 1923 med armert betong, men den opphavlege forma var uendra.

Ei ny bru er bygd ved sida av den gamle

Brua er ikkje eigna for moderne biltrafikk, og ei ny bru er bygd ved sida av den gamle (om lag 40 meter frå) for å ta seg av trafikken.