Belfast Lough (irsk Loch Lao eller Loch Laoigh) er ein stor fjord (engelsk sea lough) ved munningen til elva Lagan på austkysten av Nord-Irland. Den indre delen av fjorden består av fleire gjørmete strender og lagunar. Den ytre delen har ein steinete kyst med nokre små sandete bukter. Belfast Lough er sjøvegen frå Belfast til Irskesjøen.

Plasseringa til Belfast Lough.

Belfast Lough ligg mellom Orlock Point og Blackhead og strekkjer seg vestover til Belfast. Tre kanalar går innover i landet frå fjorden: Herdman Channel på County Antrim-sida, Victoria Channel, den sentrale og lengste, og Musgrave Channel på County Down-sida.

Av kystbyar finn ein Holywood, Bangor og Carrickfergus. Holywood og Bangor ligg på sørsida i Down, medan Carrickfergus ligg på nordsida i Antrim. På eldre kart, før Belfast voks opp til å ein by, vart fjorden kalla Carrickfergus Lough.

Skipsbyggarverftet Harland & Wolff, som bygde RMS «Titanic», ligg ved fjorden i Belfast, men er ikkje like kjend i dag. No for tida vert det reparert store oljetankarar og oljeplattformer.

Delar av kystområda er ein del av Belfast Lough naturreservat. Gjørmestrendene er viktige foringsplassar for forskjellige vadefuglar. Ved flo sjø kan ein sjå flokkar av vadefuglar som raudstilk, tjeld og islandsspove.

Bakgrunnsstoff endre