Belle Isle i Windermere

Belle Isle er den største av 18 øyar i innsjøen Windermere i Lake District i England og den einaste av dei som har vore busett. Ho er 1 km lang. Belle Isle House vart bygd der i 1774 teikna av John Plaw.

Kart over Belle Isle frå 1925

Den romerske guvernøren i Ambleside bygde ein villa på øya. Ho var òg ein skanse for royalistane under den engelske borgarkrigen. Ho vart lokalt kalla Great Island (Storøya) eller Long Holme (Langholmen), men vart seld til Isabella Curwen i 1781 for £1720 og kalla opp etter ho.[1] Etterkomarane etter Isabella og mannen hennar John Christian Curwen budde på øya til 1993. Belle Isle er framleis i privat eige.

Kjelder endre

  1. «The islands of Windermere». BBC. July 10 2006. 

54°21′43″N 2°56′04″W / 54.36194°N 2.93444°W / 54.36194; -2.93444