Sport Lisboa e Benfica, til dagleg kjend som Benfica eller SLB, er eit idrettslag i Lisboa i Portugal. Laget, som vart stifta 28. februar 1904, er særleg kjend som fotballklubb. Benfica er ein av dei tre storklubbane (Três Grandes) i Portugal. Benfica er, og har alltid vore, eit medlemsstyrt idrettslag.

Eusébio, den største Benfica-legenda

Benfica vart i 1961 den fyrste portugisiske klubben som vann Europacupen, ein prestasjon klubben gjentok året etter. I 1963 spela Benfica sin tredje europacupfinale på rad, og tapte for AC Milan. Dette innleia ei rad med tapte finalar i Europacupen; 1965, 1968, 1988 og 1990. I tillegg vart det i 1983 tap for RSC Anderlecht i UEFA-cup-finalane. Benfica møter i 2013 Chelsea FC i finalen i Europaligaen.

Benfica har rekorden med 38 nasjonale seriemeisterskap (Primeira Liga), sameleis rekorden med 26 cupmeisterskap (Taça de Portugal), og tre Campeonato de Portugal. Benfica var den fyrste klubben som spela ein heil seriesesong med 30 kampar, utan å tape. Klubben klarte meisterstykket både i 1972/73-sesongen og i 1977/78-sesongen.

Benfica var med å grunnleggje Primeira Liga i 1933, og har aldri rykt ned frå toppdivisjonen i portugisisk fotball. Laget spelar heimekampane på 'Estádio da Luz', der det er plass til 65 647 tilskodarar.

Kjelder endre