Bengalbukta er den nordaustlege delen av Indiahavet, og ligg mellom det indiske subkontinentet i vest og den malayiske halvøya og Andamanøyane i aust. Ein dreg grensa mot sjølve Indiahavet mellom sørpissen av Sri Lanka og nordspissen av indonesiske Sumatra. Bukta har namn etter Bengal, eit område som i dag er delt i provinsane Vest-Bengal i India og Bangladesh, tidlegare Aust-Bengal.

Kart over Bengalbukta
Satellittbilete under eit lågtrykk over Bengalbukta.

Geografi endre

Mange store elvar har utløp i Bengalbukta; nokre av dei største er burmesiske Irrawaddy frå Burma, Ganga, Meghna og Brahmaputra gjennom det bangladeshiske Gangesdeltaet, og Mahanadi, Godavari, Krishna og Kaveri frå India. Blant større hamnebyar finn ein burmesiske Yangon, bangladeshiske Chittagong og Mongla og indiske Kolkata (tidlegare Calcutta), Visakhapatnam, Chennai (tidlegare Madras) og Puducherry (tidlegare Pondicherry). Av strender peiker Cox's Bazar aust i Bangladesh seg ut, som ei av dei lengste samanhengande sandstrendene i verda.

Det ligg ei rekke øyar i bukta, med Andamanane, Nikobarane og Merhuiøyane som dei viktigaste øygruppene.

Historie endre

Bukta er blitt kalla «Tsjolasjøen», fordi Tsjolariket omfatta landet på begge sider. Det føregjekk både handels- og militærtokter, og ei gruppe av tamilar slo seg ned i Malaysia der etterkomarane i dag blir kalla chittyar.

  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.