République du Bénin

(norsk: Benin, beninsk)

Det beninske flagget Det beninske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «L'Aube Nouvelle»
Motto Fraternité, Justice, Travail (Brorskap, rettferd, arbeid)
Geografisk plassering av Benin
Offisielle språk Fransk
Hovudstad Porto-Novo, Cotonou¹
Styresett
Republikk
Yayi Boni
Flatevidd
 – Totalt
 
112 622 km² (101.)
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Folketeljing (2002)
 – Tettleik
 
11 038 805 (87.)
6 769 914²
98 /km² (86.)
Sjølvstende
frå Storbritannia
1. august 1960
Nasjonaldag 1. august
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
21 160 mill. USD (137.)
2 000 USD (173.)
Valuta CFA-franc
Tidssone UTC +1
Telefonkode +229
Toppnivådomene .bj

¹Regjeringssete
²Folketalskjelde

Benin er ein republikk i Vest-Afrika som fram til 1975 vart kalla Dahomey. Landet har Nigeria og Togo som naboar i aust og vest, med kortare grenser til Burkina Faso og Niger i nord. Ei smal kystline mot Beninbukta finst i sør.

Geografi endre

 
Kart over Benin

Benin utgjer ei smal nord-sørgåande stripe i Vest-Afrika. Det ligg mellom 6° 13°N og 0° og 4°A. Landet grensar til Togo i vest, Burkina Faso og Niger i nord, Nigeria i aust og har kyst mot Beninbukta i sør. Avstanden frå Nigerelva i nord til Atlanterhavet i sør er rundt 650 km. Kystlina er rundt 121 km lang, men landet på sitt breiaste er rundt 325 km. Benin omfattar fire økoregionar: Austguineansk skog, nigeriansk låglandsskog, guineansk skog-savanne-mosaikk og vestsudansk savanne.[1]

Terrenget er for det meste flate sletter, med nokre åsar og låge fjell. Landskapet nær kysten er myrlendt med vatn og lagunar. Lengre inn i landet ligg platå med skog og savanne som blir delte av nord-sørgåande dalar langs elvene Couffo, Zou og Ouémé. Langs grensa i nordvest og inn i Togo ligg fjellkjeda Atacora. Det høgste punktet i landet er Mont Sokbaro med 658 moh.

Klima endre

Kystområda av Benin har to regntider, ein frå april til juli, og den andre frå september til november. Dei nordlege områda har tørketid frå oktober til april, og temperaturane kan i denne tida bli ganske så høge, men med relativt låg fukt. Den støvete harmattan-vinden bles derimot frå nordaust. Frå desember til februar kan harmattanvinden påverke heile landet, bortsett frå eit smalt område ved kysten. Kyststrøka har stort sett sørvestleg vind.

På kysten er det minst sannsyn for regn frå desember til februar. Kysten er litt tørrare enn områda like innanfor på grunn av dei same årsakene som gjer at kysten av Ghana er tørr. I hovudsak kjem dette av kalde havstraumar utanfor kysten og at den sørvestlege vinden er kystparallell. Cotonou, som ligg på kysten, har ein årleg nedbørsnormal på 1327 mm.

Historie endre

Det historiske kongeriket Dahomey hadde senter i dagens Benin. Dette dekte store delar av Vest-Afrika på 1600-talet, og dreiv mellom anna slavehandel med europearar. Kystområdet i landet var kjent som Slavekysten.

Frå 1700-talet tok riket til å veiknast, og Frankrike tok det over som koloni i 1892. Det fekk sjølvstyre i 1958 som Dahomeyrepublikken, og fullt sjølvstende i august 1960.

Etnisk strid og fleire statskupp prega dei neste tolv åra. Etter at tre stridande partar hadde gått saman om å danna eit styringsråd i 1970, blei dei rivne frå makta i 1972 av Mathieu Kérékou. Han etablerte eit marxistisk styre, og gav landet det nye namnet Benin i 1975. I 1979 blei det første valet halde. Kérékou blei stemd ut i 1991 til fordel for den tidlegare statsministeren Nicephore Soglo. Dette var den fyrste vellukka overgangen frå diktatur til demokrati i Afrika.

I 1996 blei Kérékou vald til president igjen, med gjenval i 2001.

Samfunn endre

Politikk endre

Landet er republikk med fleirpartisystem. Det gjekk vekk frå den offisielle lina med marxist-leninisme i 1989. Røysteretten er allmenn frå fylte 18 år, og val til nasjonalforsamlinga blir haldne kvart fjerde år. Presidenten leiar staten og regjeringa. I følgje grunnlova frå 1990 kan ein president sitja ved makta i maks to periodar.

Religion endre

Religion i Benin (CIA World Factbook-estimat 2013)[2]██ Kristendom (48,5%)██ Islam (27,7%)██ Andre/ingen (12,2%)██ Vodun (11,6%)

 
Dåp ved Celestial Church of Christ i Cotonou.

Ved folketeljinga i 2013 var 48,5 % av innbyggjarane i Benin kristne (25,5 % katolikkar, 6,7 % Celestial Church of Christ, 3,4 % metodistar, 12,9 % andre), 27,7 % var muslimar, 11,6 % utøvde vodun, 2,6 % prastisert andre lokale tradisjonelle religionar, 2,6 % hadde andre religionar att, og 5,8 % hadde inga religiøs tilknyting.[3][4]

Administrativ inndeling endre

 
Departementa i Benin

Benin er inndelt i 12 departement:

  1. Alibori
  2. Atakora
  3. Atlantique
  4. Borgou
  5. Collines
  6. Donga
  7. Kouffo
  8. Littoral
  9. Mono
  10. Oueme
  11. Plateau
  12. Zou

Økonomi endre

Økonomien er underutvikla, og baserer seg på jordbruk, bomullsproduksjon og regional handel. Vekst i økonomien i seinare år har vorte oppvege av auka i folketalet.

Folkesetnad endre

Folkegrupepr i Benin (folketeljinga 2013) ██ Fon (38,4%)██ Adja & Mina (15,1%)██ Joruba (12%)██ Bariba (9,6%)██ Fula (8,6%)██ Ottamari (6,1%)██ Yoa-Lokpa (4,3%)██ Dendi (2,9%)██ Andre (2,8%)

Dei fleste av dei 11 485 000 innbyggjarane i Benin bur sør i landet. Folkesetnaden er ung, med ein forventa levealder på 62 år.[5] Det finst rundt førti ulike folkegrupper i landet. Den største er fonfolk, som utgjer rundt 49 % av innbyggjarane. Andre større grupper er adja-, joruba-, somba og baribatalarar. Statsspråket fransk blir hovudsakleg tala i byane.

AIDS held døydelegheita kunstig høg.

Kultur endre

Ein trur at voodoo stammar frå Benin og vart overført til Brasil, Karibia og delar av Nord-Amerika med slavehandelen. Cirka 70 % av folkesetnaden i landet praktiserer denne religionen, som sidan 1992 har vore anerkjent som ein av dei offisielle religionane.

Kjelder endre

  1. Dinerstein, Eric; Olson, David; Joshi, Anup; Vynne, Carly; Burgess, Neil D.; Wikramanayake, Eric; Hahn, Nathan; Palminteri, Suzanne; Hedao, Prashant; Noss, Reed; Hansen, Matt; Locke, Harvey; Ellis, Erle C; Jones, Benjamin; Barber, Charles Victor; Hayes, Randy; Kormos, Cyril; Martin, Vance; Crist, Eileen; Sechrest, Wes; Price, Lori; Baillie, Jonathan E. M.; Weeden, Don; Suckling, Kierán; Davis, Crystal; Sizer, Nigel; Moore, Rebecca; Thau, David; Birch, Tanya; Potapov, Peter; Turubanova, Svetlana; Tyukavina, Alexandra; de Souza, Nadia; Pintea, Lilian; Brito, José C.; Llewellyn, Othman A.; Miller, Anthony G.; Patzelt, Annette; Ghazanfar, Shahina A.; Timberlake, Jonathan; Klöser, Heinz; Shennan-Farpón, Yara; Kindt, Roeland; Lillesø, Jens-Peter Barnekow; van Breugel, Paulo; Graudal, Lars; Voge, Maianna; Al-Shammari, Khalaf F.; Saleem, Muhammad (2017). «An Ecoregion-Based Approach to Protecting Half the Terrestrial Realm». BioScience 67 (6): 534–545. ISSN 0006-3568. PMC 5451287. PMID 28608869. doi:10.1093/biosci/bix014. 
  2. «Benin - the World Factbook». Henta 6. november 2008. 
  3. «PRINCIPAUX INDICATEURS SOCIO DEMOGRAPHIQUES ET ECONOMIQUES» (PDF). www.insae-bj.org (på fransk). INSTITUT NATIONAL DE LA STATISTIQUE ET DE L’ANALYSE ECONOMIQUE. 
  4. International Religious Freedom Report 2007: Benin . United States Bureau of Democracy, Human Rights and Labor (14. september 2007). This article incorporates text from this source, which is in the public domain.
  5. Benin. CIA World Factbook.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Benin