Bennettøya (russisk Остров Бе́ннетта, Ostrov Bennetta) er den største av De Long-øyane nord i Aust-Sibir-havet. Ho har eit areal på om lag 150 km² og det høgaste punktet er 426 meter over havet. Store delar av øya er dekt av isbrear. Bennettøya er administrativt ein del av republikken Sakha i Russland.

Bennettøya
Satellittbilde av Bennettøya.
Satellittbilde av Bennettøya.
Geografi
Stad Aust-Sibir-havet

Øygruppe De Long-øyane

Administrasjon
Land Russland
Republikk Sakha

Geologi endre

Bennettøya består av sedimentære og vulkanske bergartar frå tidleg paleozoikum, sein krittid, pliocen og kvartær. Dei eldste bergartane på Bennettøya er moderate skråstilte marine sedimentære bergartar frå kambrium til ordovicium. Dei består av eit om lag 500 meter tjukt lag av argilittar med små mengder siltstein og kalkstein som inneheld trilobittar frå mellomkambrium og 1000-1200 meter med argilitt frå ordovicium, silstein og kvartssandstein som inneheld graptolittar. Desse bergartane frå paleozoikum ligg under kolførande lag med argilittar og kvartsittliknande sandstein og basaltisk lava og tuff frå sein krittid. Laget frå sein krittid ligg under basaltisk lava frå pliocen til kvartærperioden. Dei vulkanske bergartane frå kvartær dannar vulkankjegler.[1]

Bennettøya er den av De Long-øyane som har det største isdekket. I 1987 blei isen undersøkt og funne å vera fire ulike isbrear med ein total overflate på 65,87 km². Alle breane låg på høge basaltplatå med bratte kantar.[2] Ifølge fleire forskarar blei breane danna under den største utbreiinga av isen under den siste istida, for mellom 17 000 og 24 000 BP. år sidan.[3]

Elles dekkjer tundravegetasjon heile Bennettøya, stort sett lågt gras, kratt, mose, lav og levermose. Jordsmonnet er stort sett fuktig, finkorna og bakka.[4]

Historie endre

Bennettøya vart oppdaga av den amerikanske utforskaren George Washington DeLong i 1881 og kalla opp etter James Gordon Bennett, Jr., som hadde finansiert ekspedisjonen. DeLong drog av stad i 1879 med skipet «Jeannette» og håpte å nå Wrangeløya og å oppdage ope hav i Nordishavet nær Nordpolen. Skipet kom derimot inn i pakkisen nær Heraldøya i september 1879 og vart fanga. Fartøyet vart knust av isen og sokk i juni 1881. Mannskapet måtte då vandre over isen til fots og oppdaga Bennettøya i juli 1881. Dei vart verande på øya i fleire dagar før dei sette kurs mot Nysibirøyane og fastlandet i Sibir.[5]

I august 1901 segla det russiske skipet «Zarja» på ein ekspedisjon på leit etter det segnomsuste Sannikov land (Zemlja Sannikova), men vart raskt blokkert av pakkis. I løpet av 1902 prøvde dei å nå Sannikov land, medan Zaraja var fanga i isen. Den russiske utforskaren baron Eduard Toll og tre av følgjet hans forsvann for alltid i november 1902 då dei reiste bort frå Bennetøya mot sør på lause isflak.[6]

I 1916 gav den russiske ambassadøren i London ut eit skriv der dei Det russiske riket gjorde krav på Bennetøya og andre øyar i Arktis. Dette kravet vart seinare oppretthalde av Sovjetunionen.

Enkelte amerikanarar hevdar amerikansk eigarskap over Bennettøya sidan dei gjekk først i land på øya i 1881. Ein resolusjon frå senatet i Alaska i 1988 støtta dette kravet. Den amerikanske regjeringa har derimot aldri kravd Bennettøya og godkjenner at ho er russisk territorium. I 1994 avsa høgsteretten i Alaska ein dom som sa at Bennettøya og fleire andre øyar ikkje er ein del av Alaska.[7]

Fotnotar endre

Kjelder endre