Bentein Baardson

norsk skodespelar

Bentein Baardson (fødd 6. november 1953) er ein norsk skodespelar og regissør.

Bentein Baardson
Fødd6. november 1953 (70 år)
FødestadNew York by
Verka somskodespelar, teaterskodespelar, filmregissør, sceneinstruktør
PrisarAust-Agder fylkeskulturpris, riddar av St. Olavs Orden, Per Aabels ærespris, ridder av 1. klasse av St. Olavs Orden, kommandør med stjerne av St. Olavs Orden

Bentein Baardson vart fødd i New York, og voks opp i Kristiansand.[1] Han vart uteksaminert ved Teaterhøgskolen i 1973.[2] Han har hatt både skodespelarjobbar og regioppdrag på dei fleste norske scenene. Han har vore teatersjef ved Rogaland Teater (1986–1989), Agder Teater (1991–1994) og Den Nationale Scene (1998–2001), og kunstnarisk leiar ved Teater Ibsen 2008–2010. Frå 2010 til 2015 var han direktør ved Kilden Teater (tidlegare Agder).[1] Han var kunstnarisk leiar for opnings- og avslutningsseremonien ved Vinter-OL på Lillehammer i 1994.[2]

Bentein Baardson er medlem av Det Norske Akademi (frå 1987). Han vart utnemnd til riddar av St. Olavs Orden i 2000. Kongen forfremma 8. oktober 2008 Baardson til kommandør med stjerne for innsatsen for norsk kulturliv.[3] Han er riddar av den franske Ordenen for kunst og litteratur.[4]

Prisar og utmerkingar endre

Filmografi (utval) endre

Kjelder endre

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 «Bentein Baardson». Store norske leksikon (på norsk). 19. september 2022. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Lyche, Lise (29. juni 2022). «Bentein Baardson». Norsk biografisk leksikon (på norsk). 
  3. Utnemningar til St. Olavs Orden, Kongehuset
  4. «Bentein Baardson 50 år», Stavanger Aftenblad, 6. november 2003, s. 30.