Bererakettar er store, kraftige rakettar som kan frakta romfarkostar opp i verdsrommet. Dei kan ha eitt eller fleire trinn [1]

Apollo 15 på veg til månen med ein Saturn V bererakett.

Oppskyting endre

Alle moderne bererakettar består av to eller tre trinn, som vert fråkopla etterkvart som drivstofftankane går tomme. Trinna er som regel stabla i høgda, men det er og vanleg at det første trinnet har hjelpemotorar eller hjelpetrinn påspent på sida. Desse tenner samtidig med kjernetrinnet/1.trinnet, men brenn ut og koplast frå undervegs.

Ferda opp til bane rundt jorda tek om lag 10 minutt. Bereraketten vert kasta av når den er tom for drivstoff og vert berre brukt ein gong. Det er berre romferja som har gjenvinnbare rakettar som kan nyttast om igjen.

Bererakettar endre

Det finst mange typar bererakettar, dei fleste finst i fleire variantar, gjerne som heile «familiar». Dei fleste bererakettane er vidareutvikla modellar av interkontinentale rakettvåpen (ICBM), opphavleg meint til å sende atomladningar mot fiendar på andre sida av kloden.

Dei viktigaste bererakettane, eller bererakettfamiliane som er i bruk i dag er:

Kjelder endre

  1. Birkeland, Roger (22. august 2023). «bærerakett». Store norske leksikon (på norsk).