Beretta 92 er ein locked-breech rekyldriven kombinert double og single action-pistol i kaliber 9 mm Parabellum, konstruert og produsert av det italienske våpenfirmaet Beretta.

Beretta 92

Da USA1980-talet heldt konkurransar for å få eit nytt handvåpen til avløysing av Coltpistolar av modell 1911 og revolverar i kaliber .38, vann Beretta 92 desse, og den italienske pistolen vart teken inn som standard tenestepistol i dei amerikanske væpna styrkane som Beretta 92F eller «M9». Han vart au teken inn som militær tenestepistol i Frankrike, i versjonen 92G. Over 500 000 vart laga for det amerikanske militæret, som frå da til no stort sett har bruka berre Berettaen som tenestepistol. Det at ein europeisk pistol vart vald til tenestevåpen var eit prestisjenederlag for amerikanske våpenprodusentar, og tungt å svelgje for amerikanske super-patriotar.

Beretta 92F var konstruert for militær- og politibruk. Etter visse endringar gjennom åra, er modellen no kalla 92FS.

Magasinet har 15 skot, med patronane i to rekkjer.

Sidan Beretta 92F/FS vart teken inn i USA sine væpna styrkar, har fleire sivile au kjøpt våpenet, da gjerne i meir påkosta og modifiserte sivile utgåver.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre