Ein berg-og-dal-bane er ein populær attraksjon utvikla for moroparkar. Den fyrste berg-og-dal-banen blei patentert allereie i 1885 av LaMarcus Adna Thompson.[1]

The Incredible Hulk Coaster i Orlando i Florida.
Ein golvlaus berg-og-dal-bane i Movie World Madrid.
Thundercoaster i moroparken Tusenfryd.
Mozaic Garden i Japan.

Berg-og-dal-banen er eit spor lagt etter spesielle mønster i oppover og nedoverbakke for å gje passasjerane ei kjensle av fart og spenning. Spora treng ikkje vere lagde i ei komplett sløyfe, sjølv om nokre entusiastar meiner at ein ekte berg-og-dal-bane skal vere det. Dei fleste berg-og-dal-banar har vogner for to, fire eller seks passasjerar i kvar, og somme stader er desse vognene kopla saman til tog.

Tryggleik endre

Berg-og-dal-banar er meint å følast «farlege», men statistisk sett er dei veldig trygge. Det amerikanske Consumer Product Safety Commission melde at 134 moroparkgjester blei tekne til sjukehus i USA i 2001 som følgje av skader dei fekk på attraksjonar i slike parkar. I gjennomsnitt døyr to menneske per år. Ser ein dette i lys av at ca. 319 millionar menneske besøkte moroparkar i 2001 (ifølgje ei undersøking bestilt av moroparkselskapet Six Flags) er sjansane små for å bli alvorleg skada. Undersøkinga konkluderte med at sjansen er ein til ein og ein halv milliard for å omkomme som følgje av ein tur i ein berg-og-dal-bane. Skadetala for barnevogner, tyggegummi, golf og hagemøblar er høgare enn for attraksjonane i moroparkar. Det er større risiko for å bli skada i trafikken på veg til ein moropark enn i ein av attraksjonane i parken.[treng kjelde] Det er ikkje uvanleg at moroparkane betaler høgare forsikringspremie for karusellane enn for berg-og-dal-banane sine.[treng kjelde]

Berg-og-dal-banerekordar endre

Høgaste berg-og-dal-banar i stål endre

Dette er dei høgaste berg-og-dal-banane i stål med ei komplett sløyfe. Årstala i parentes indikerer når banen var den høgaste.

  1. Kingda Ka i Six Flags Great Adventure, New Jersey, USA, 139 m / 456 fot (mai 2005–nå)
  2. Top Thrill Dragster i Cedar Point, Ohio, USA, 128 m / 420 fot (mai 2003–mai 2005)
  3. Steel Dragon 2000 i Nagashima SpaLand, Japan, 97 m / 318 fot (august 2000–mai 2003)
  4. Millennium Force i Cedar Point, Ohio, USA, 94.5 m / 310 fot (mai 2000–august 2000)
  5. Intimidator 305 i Kings Dominion, Virginia, USA, 93 m / 305 fot
  6. Thunder Dolphin i LaQua Korakuen Park, Japan, 80 m / 263 fot
  7. Fujiyama i Fuji-Q Highland, Japan, 79 m / 259 fot

Høgaste berg-og-dal-banar i tre endre

Dette er dei høgaste berg-og-dal-banene i tre med ei komplett sløyfe.

  1. Son of Beast i Paramount's Kings Island, Ohio, USA, 66 m / 218 fot med eit 65 meters fall. Denne banen har vore stengd sidan juni 2009.
  2. Colossos i Heide-Park, Tyskland, 60 m / 196 fot med eit 48 meters fall
  3. T-Express i Everland, Sør-Korea, 56 m / 184 fot med eit 46 meters fall
  4. El Toro i Six Flags Great Adventure, New Jersey, USA, 55 m / 181 fot med eit 53 meters fall
  5. Rattler i Six Flags Fiesta Texas, USA, 54 m / 179 fot med eit 38 meters fall
  6. The Voyage i Holiday World, Indiana, USA, 49 m / 163 fot med eit 47 meters fall

Høgaste fall på ein berg-og-dal-bane av tre endre

  1. Son of Beast i Paramount's Kings Island, Ohio, USA, 65 m / 214 fot. Denne banen har vore stengd sidan juni 2009.
  2. El Toro i Six Flags Great Adventure, New Jersey, USA, 53 m / 176 fot
  3. Colossos i Heide-Park, Tyskland, 48 m / 159 fot
  4. Mean Streak i Cedar Point, Ohio, USA, 47 m / 155 fot
  5. The Voyage i Holiday World, Indiana, USA, 47 m / 154 fot
  6. T-Express i Everland, Sør-Korea, 46 m / 150 fot

Snøggaste berg-og-dal-banar endre

Dette er dei snøggaste berg-og-dal-banene i verda. Parantesane oppgjev når dei var snøggast.

  1. Formula Rossa i Ferrari World Abu Dhabi, Abu Dhabi, Dei sameinte arabiske emirata, 240 km/t (nov 2010–nå)
  2. Ring°racer i Ring°werk/Nürburgring, Tyskland, 217 km/t. Banen stod ferdig, og skulle offisielt vore opna 15. august 2009, men grunna tekniske problem blei dette utsett til 2012. Banen rakk dermed aldri å bli verdas raskaste berg-og-dal-bane sidan den raskare Formula Rossa opna i 2010.
  3. Kingda Ka i Six Flags Great Adventure, New Jersey, USA, 206 km/t (mai 2005–nov 2010)
  4. Top Thrill Dragster i Cedar Point, Ohio, USA, 193 km/t (mai 2003–mai 2005)
  5. Dodonpa at i Fuji-Q Highland, Japan, 172 km/t (desember 2001–mai 2003)
  6. Superman The Escape i Six Flags Magic Mountain, California, USA, 161 km/t (mars 1997–desember 2001)
  7. Tower of Terror i Dreamworld, Queensland, Australia, 161 km/t (januar 1997-desember 2001)

Lengste berg-og-dal-banar endre

  1. Steel Dragon 2000 i Nagashima Spaland, Japan, 2479 m / 8133 fot
  2. Ultimate i Lightwater Valley, England. 2268 m / 7442 fot
  3. Beast i Kings Island, Ohio, USA. 2243 m / 7359 fot
  4. Son of Beast i Kings Island, Ohio, USA. 2143 m / 7032 fot. Denne banen har vore stengd sidan juni 2009.
  5. Fujiyama i Fuji-Q Highland, Japan. 2044 m / 6708 fot
  6. Millennium Force i Cedar Point, Ohio, USA. 2010 m / 6595 fot

Banar med flest loopar endre

Det er til saman rundt 500 banar som har minst éin loop i verda. Til saman er det over 1400 loopar på verdas berg-og-dal-banar.

  1. Colossus i Thorpe Park, England. 10 loopar.
  2. 10 Inversion Roller Coaster i Chimelong Paradise, Kina. 10 loopar.
  3. Avalancha i Xetulul, Guatemala. 8 loopar.
  4. Dragon Khan i Port Aventura, Salou, Spania. 8 loopar.
  5. Flight of the Phoenix i Harborland Theme Park, Kina. 8 loopar.
  6. Monte Makaya i Terra Encantada, Rio De Janeiro, Brasil. 8 loopar.

Høgaste vertikale loop endre

  1. Viper i Six Flags Magic Mountain, California, USA, 42 m / 140 fot
  2. Dominator i Geauga Lake & Wildwater Kingdom, Ohio, USA, 41 m / 135 fot

Talet berg-og-dal-banar i ein park endre

  1. Six Flags Magic Mountain, California, USA. 17 berg-og-dal-banar i drift.
  2. Cedar Point, Ohio, USA. 16 berg-og-dal-banar i drift.
  3. Canada's Wonderland, Ontario, Canada. 16 berg-og-dal-banar i drift.
  4. Kings Dominion, Virginia, USA. 14 berg-og-dal-banar i drift.
  5. Kings Island, Ohio, USA. 14 berg-og-dal-banar i drift.
  6. Six Flags Great America, California, USA. 13 berg-og-dal-banar i drift.
  7. Six Flags Great Adeventure, New Jersey, USA. 13 berg-og-dal-banar i drift.
  8. Carowinds, North Carolina, USA. 13 berg-og-dal-banar i drift.

Kjelder endre

  1. Berg-og-dal-banepatenter