Bergenhus festning

60°23′57.948″N 5°19′7.3668″E / 60.39943000°N 5.318713000°E / 60.39943000; 5.318713000

For andre ting som heiter Bergenhus, sjå Bergenhus.
Bergenhus festning

Bygg på Bergenhus. Håkonshallen til venstre, Rosenkrantztårnet til høgre.
Foto: Nina Aldin Thune
Kart
Bergenhus festning
60°23′59″N 5°19′03″E / 60.39972°N 5.3175°E / 60.39972; 5.3175
Frå festningsområdet.
Foto: Nina Aldin Thune
Festninga er synleg på Scholeusstikket frå 1580.
Kommandanten på Bergenhus festning inspiserer Dræggens Buekorps.
Foto: Nina Aldin Thune

Bergenhus festning ligg i innseglinga til Vågen i Bergen. Bergenhus er ein av dei eldste og best bevarte festningane i Noreg.

Det mest korrekte namnet på Bergenhus er eigentleg Bergenhus slott, sidan det har vore kongebustad og norsk administrasjonssentrum då Bergen var hovudstad i Noreg. Nemninga -hus i slike tilfelle tyder «befesta slott».

Festninga omfattar området mellom Koengen i aust, Bradbenken i sør, Festningskaien i vest og Bontelabo i nord. Området blei bygd opp som festning frå 1200-talet av.

Historie endre

Området som i dag utgjer kjerneområdet for Bergenhus festning gjekk i mellomalderen under namnet Holmen. Området mellom Holmen og mellomalderborga Sverresborg, var eit myrområde, som gjekk under namnet Veisan (i dag Koengen). Sverresborg blei bygd opp frå 1180-åra.

Mellomalderen endre

Kong Øystein Magnusson flytte kongesetet frå Alrekstad til Holmen på 1100-talet, og bygde opp ein kongsgard. Då borgarkrigane ebba ut i første halvdel av Håkon Håkonsson si lange regjeringstid (1217–1263) og Noreg blei meir varig samla, blei det bygd opp ein ringmur av stein på Holmen. Muren skulle verne trehusa mot brann og mot fiendar. Bergen blei då hovudstad i Noreg, og Holmen politisk sentrum i landet.

Festninga blei lite vedlikehalden i seinmellomalderen, men blei militært område att i 1514. Gjenoppbygginga blei leia av Jørgen Hanssøn, som også bygde ein ringmur med vollgraver og vindebru aust for kastellet kring 1520.

1600-talet endre

Då kongemakta flytte ut av landet, under unionen med Danmark i seinmellomalderen, slutta Bergen å vere residensby. Men kongsgarden var framleis det politiske og administrative sentrumet for Vestlandet og Nord-Noreg. Først med innføringa av eineveldet i 1660 blei Bergenhus ei rein festning.

I løpet av 1600-talet blei festninga utbygd og forsterka og var på sitt mest fullstendige rundt 1700, med Bergenhus og Sverresborg som ei samla festning.

Bergenhus festning tok del i slaget på Bergens våg 2. august 1665.

1800-talet endre

På byrjinga av 1800-talet blei Sverresborg igjen skilt frå sjølve festningsområdet. Anlegget blei opparbeidd som park og lysthage, samtidig som forsvaret av Bergen gradvis blei flytt ut av byen.

Festninga heldt fram med å vere eit militært etablissement, mellom anna som hovudkvarter for dei to vestlandsregimenta og med underoffisersskule frå omkring 1911. Underoffisersskulen hadde tilhald i kasernen på Sverresborg.

I 1897 blei ein stor del av festninga mot sør og vest avsett til bygging av Festningskaien.

Andre verdskrig og etterkrigstid endre

Under andre verdskrigen blei Bergenhus teken i bruk av tyskarane som militært område og lokalt hovudkvarter, og sovjetiske krigsfangar bygde ein betongbunkar. Ei eksplosjonsulykke på Vågen 20. april 1944 der det nederlandske fartøyet Voorbode, som var lasta med dynamitt gjekk i lufta, førte til store skader på bygningane på Bergenhus.

Frå 1945 blei Bergenhus hovudkvarter for Distriktskommando Vestlandet.

Frå 1945 til 1995 var Bergenhus festning hovudkvarter for Distriktskommando Vestlandet. I 1996 overtok Bergenhus Festning Regiment kommandantskapen på festninga, fram til regimentet blei nedlagt 30. september 2002. Frå og med 1. oktober 2002 overtok Sjøforsvaret sine skular kommandantskapen på Bergenhus Festning.

Sidan 2002 er det også etablert fleire militære funksjonar på festninga, mellom anna Forsvaret sin rekneskapsadministrasjon, Forsvarsmuseet og Hordaland Heimevernsdistrikt. I tillegg har Forsvarets Musikkorps Vestlandet og Vernpliktsverket i Bergen framleis virket sitt på festninga, og dette gjer at det i dag er ca. 150 militært tilsette som har det daglege arbeidet sitt her.

Bygningane endre

To av bygningane frå mellomalderen finst framleis på festninga; Håkonshallen og Magnus Lagabøte sitt kastell. Dette kastellet er ein del av Rosenkrantztårnet. I tillegg blei det bygd fleire steinhallar, to portkastell og festningsmur.

Sør for Håkonshallen ligg Kommandantboligen, Stallbygningen og Portkastellet/Kapteinvaktmesterboligen.

Portkastellet er frå Håkon Håkonsson si tid, Kapteinvaktmesterbustaden frå 1714 og blei då brukt som skrivarstove og som Proviantforvaltaren sitt kontor. Kommandantbustaden, som vender mot Vågen i vest blei bygd i 1725. Stallbygningane er frå same tid og huste hestar og kanonar. Bygningen blei også brukt av vaktmannskapa til 1835.

Mellom Slottsgården og Paradeplassen ligg Hovedvakten som blei bygd i 1835. Denne og Hovedporten frå 1832 har Karl Johan sitt monogram.

Artilleribygningen ligg nord for Håkonshallen. Den blei brukt som laboratorium for å teste kvaliteten på krutet.

I søraust finn ein Sorieporten og vest for denne ligg Ingeniørkontorbygningen som blei bygd ved slutten av den første verdskrigen.

Kyrkjer endre

Holmen var i mellomalderen også residensen til biskopane og hadde fleire kyrkjebygg, Kristkirken på Holmen i Bergen (Store- og Lille Kristkirke), Apostelkirken og Katarinakirken som også hadde eit hospital. Alle desse bygningane er no rivne eller nedbrende.

Restaurering, minnesmerke, kanonar endre

Restaureringa av Bergenhus etter krigen blei leia av Gerhard Fischer. Arbeida blei offisielt avslutta i 1971 då det blei planta ei eik.

Nord for Håkonshallen står ein statue av Haakon VII utført av Ottar Espeland. Statuen blei avduka på Storetveitmarken i 1972 og flytt til Bergenhus i 1983.

Festninga har 7 saluttkanonar. På Nordre bastion er Flaggpynten der festninga sitt flagg blir heist.

Annan bruk av festninga endre

Bergenhus festning og paradeplassen er fast eksersisplass for Dræggens Buekorps. Kvart år på stiftingsdagen 13. mai blir bogekorpset inspisert av kommandanten. Det har også vore ei rekkje større konsertar med kjende artistar på festningsområdet.

Sjå òg endre

Litteratur endre

  • Kavli, Guthorm; Norges festninger, fra Fredriksten til Vardøhus, Universitetsforlaget 1987, ISBN 82-00-18430-7

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Bergenhus festning