Bergenshalvøya

halvøy i Noreg

Bergenshalvøya er ei halvøyVestlandet i Noreg som omfattar heile Bergen kommune og delar av Bjørnafjorden kommune. Flatemålet er kring 680 km², og her bur meir enn 274 000 menneske. Halvøya heng saman med resten av fastlandet ved Samnanger og den vestlegaste fliken av Vaksdal kommune. Avstanden frå inst i Samnangerfjorden til Sørfjorden er berre om lag 5 km, men det ligg høge fjell i området og det lågaste punktet ligg på om lag 460 moh. i Grøskaret.

Bergenshalvøya
Satellittbilde av Bergenshalvøya
Land  Noreg
Kart
Bergenshalvøya
60°20′00″N 5°25′00″E / 60.333333333333°N 5.4166666666667°E / 60.333333333333; 5.4166666666667

Bergenshalvøya er omkransa av Samnangerfjorden og Fusafjorden i søraust, Bjørnafjorden i sør, Korsfjorden med fjordarmane Lysefjorden og Fanafjorden mot sørvest, Raunefjorden mot vest, Byfjorden mot nordvest og Sørfjorden mot nordaust. Brorparten av halvøya ligg i Bergen kommune som har eit flatemål på 465 km², og innbyggjartal på 256 600 (2010). Den sørlege delen ligg i Os kommune, som har eit flatemål på 139 km² og eit folketal på 16 684 (2010). I aust ligg om lag 64 km² i Samnanger og 9 km² i Vaksdal. Tidlegare var det fleire sjølvstendige herad som omkransa gamle Bergen by, mot aust låg Arna (inntil 1964 Haus), mot sør Fana , mot vest Laksevåg og mot nord Åsane. Alle desse gjekk inn i storkommunen Bergen i 1972, slik at det no berre er dei før nemnde kommunane att.

Området har mange tettstader, men det er mest fjellområde som ligg heilt aude, særleg i bydelane Arna og Fana (Byfjella og Gullfjellet), men òg i delar av Os. Det finst òg nokre område med jordbruk, mest i den sørlege delen, i Fana og Os.

Namnet finn ein att i Bergenshalvøens Kommunale Kraftlag (BKK).

Referansar endre