Berghäll, fi. Kallio, er ein bydel i Helsingfors, bydel nr. 11 i byen. Berghäll ligg ca. 1 km nordaust for sentrum, og har ca. 18 000 innbyggjarar.

Berghäll kyrka, teikna av Lars Sonck

Tradisjonelt er Berghäll rekna for ein arbeidarbydel, men til liks med andre sentrumsnære arbeidarbydelar med små husvære har bydelen skifta klassekarakter dei siste tiåra: Arbeidarklassen har flytta ut til større husvære i drabantbyane (eller sentrumsnær industri har vorte lagt ned), og ein større del av innbyggjarane er unge vaksne og pensjonistar.

Med mange husvære i kvart hus er det tett mellom butikkane, dei fleste blokkene har restaurantar, nærbutikkar eller andre butikkar i første etasje. Kollektivtransporten er godt utbygd, med to t-banestasjonar (Hagnäs og Sörnäs), fem trikkeliner og ca. 60 bussliner. I Berghäll ligg det også ein vidaregåande skole, Kallion lukio. Berghäll kyrka er eitt av landemerka i Helsingfors.

Kjende personar frå Berghäll endre

Bakgrunnsstoff endre

60°11′03″N 24°56′57″E / 60.18417°N 24.94917°E / 60.18417; 24.94917