Berit Stuve (fødd 1935), gift Nesje, er ein norsk tidlegare alpin skirennar frå Lillehammer som representerte Lillehammer Skiklub. Ho vart i 1957 norsk meister i storslalåm.

Berit Stuve
Fødd 1935 (89 år)
Idrett alpint

Helga 18. til 19. januar 1958 vann Stuve den alpine kombinasjonen under Hahnenkamm-renna i Kitzbühel framom Hilde Hofherr frå Austerrike, med sveitsiske Annemarie Waser på tredjeplass. Under VM i alpine greiner 1958 vart Stuve nummer seks i storslalåm, sju i slalåm og 13 i utfor. Til saman gav desse resultata henne ein fjerdeplass i kombinasjonen.

Bakgrunnsstoff endre