Berkshire er eit grevskap søraust i England. Det vert ofte kalla Royal County of Berkshire sidan kongebustaden Windsor Castle ligg i grevskapet. Dette namnet, som går tilbake til 1800-talet, vart anerkjend av dronninga i 1958 og stadfesta i 1974.[1]

Berkshire
Geografi
Status Ikkje-metropolitansk og
seremonielt grevskap
OpphavHistorisk
Region Søraust-England
Areal 1 262 km²
Demografi
Folketal
- Totalt (2005)
- Folketettleik

812 200
643,6 /km²
Etnisitet 88,7 % kvite
6,8% sørasiatiske
2,0% svarte
Distrikt
  1. West Berkshire
  2. Reading
  3. Wokingham
  4. Bracknell Forest
  5. Windsor and Maidenhead
  6. Slough

Berkshire grensar til grevskapa Oxfordshire, Buckinghamshire, Surrey, Wiltshire og Hampshire og vert vanlegvis rekna som eit av «home counties». Under grensendringane i 1995 fekk grevskapet òg grense til Greater London.[2]

Historisk var hovudbyen Abingdon, men i 1867 vart byen Reading - som då var mykje større - den nye hovudbyen. I 1974 vart Abingdon og fleire andre byar i nordvest av grevskapet flytta til Oxfordshire. I 1998 vart grevskapstyret avskaffa i Berkshire, og det vart eit seremonielt grevskap. Det øvste lokalstyret i Berkshire er no styra i dei seks distrikta i området, Bracknell Forest, Reading, Slough, West Berkshire, Windsor and Maidenhead og Wokingham.[3]

Historie endre

Grevskapet er eit av dei eldste i England. Det kan ha oppstått i 840-åra, då «Sunningum» (Aust-Berkshire) og «Ashdown» (the Berkshire Downs, truleg medrekna Kennet Valley) vart slått saman. Grevskapet vart først nemnd i 860. I følgje Asser har det namn frå ein stor skog kalla Bearroc (som ein meiner kjem av det keltiske ordet for «åslendt»).[4]

Berkshire har vore åstad for mange slag gjennom historia, mellom anna under felttoget til Alfred den store mot danskane, med slaget ved Englefield, slaget ved Ashdown og slaget ved Reading. Under den engelske borgarkrigen vart det to slag i Newbury. Under den ærerike revolusjonen i 1688 fann eit nytt slag ved Reading stad.

Reading vart ny hovudby i 1867 og tok over for Abingdon[5] som vart verande i grevskapet. Etter grensendringar i 1974 vart den nordlege delen av grevskapet ein del av Oxfordshire. Berkshire fekk byane Slough og Eton og delar av tidlegare Eton Rural District frå Buckinghamshire.

Utdanning endre

I Berkshire ligg universiteta University of Reading (med Henley Business School), Imperial College (og universitetsområdet Silwood Park) og University of West London.

Kjelder endre

  1. Berkshire Record Office. «Berkshire, The Royal County». Golden Jubilee 2002 collection. Arkivert frå originalen 10. mars 2007. Henta 22. april 2007. 
  2. «The Berkshire, Buckinghamshire og Surrey (County Boundaries) Order 1994». Office of Public Sector Information. Henta 16. november 2009. 
  3. Ford, David Nash. «Abingdon». Royal Berkshire History. Nash Ford Publishing. Henta 16. november 2009. 
  4. «Dictionary.com». Henta 16. november 2009. 
  5. http://www.berkshirehistory.com/villages/abingdon.html berkshirehistory.com

Bakgrunnsstoff endre