Berlengas er øygruppe med mange små øyar utanfor kysten av Portugal og byen Peniche. Den største øya er Berlenga Grande og her står eit gammalt fort og eit fyr. Den gammalgreske geografen Klaudios Ptolemaios kalla dei «Londobrigs».[1]

Ei vik på hovudøya

Øyane har ikkje lenger fastbuande. Fortet er delvis omforma til eit herberge. Øygruppa er ein del av eit naturreservat på grunn av det lokale dyrelivet, som hovudsakleg består av sjøfugl, og vert berre vitja av eit par forskarar og om sommaren eit fåtal turistar.

Berlenga Grande (eller Ilha da Berlenga) er 1500 meter lang, 800 meter brei og 85 meter høg. Det er strender og fleire grotter på denne øya.

Kjelder endre

39°26′59″N 09°30′57″W / 39.44972°N 9.51583°W / 39.44972; -9.51583