Bernhard Folkestad

målar og forfattar

Bernhard Dorotheus Folkestad (13. juni 18799. mars 1933) var ein norsk kunstmålar og forfattar.

Bernhard Dorotheus Folkestad

Bernhard Folkestad i 1920.
Nasjonalitet Norsk
Statsborgarskap Noreg
Fødd 13. juni 1879
London
Død

9. mars 1933 (53 år)
Oslo

Yrke Målar og forfattar
Far Abraham Folkestad
Ektefelle Ingeborg Gude
Born Mildred Mehle
Bernhard Folkestad på Commons

Liv og gjerning endre

 
Løvtrær i høstdrakt med skjærer, 1914
 
Bukt med robåt

Folkestad var son til emissæren Abraham Folkestad, fødd i London men voks opp på Folkestad i Fjaler. Han vart utdanna i Noreg, med korte opphald hos Laurits Tuxen og Kristian Zahrtmann i København i 1902 og 1903. Seinare var han på studieturar til Amsterdam i 1907, og Paris i 1909. Siste staden var han elev av Christian Krohg. Til å begynne med måla han store stillebensbilete av grønsaker eller levande fjørfe, og enkelte interiør. Hans mest kjente måleri frå yngre år er Mørkeloftet frå 1905.

Folkestad slo gjennom i 1914 med ein festleg frise i ein av paviljongane under jubileumsutstillinga 1914. Dei neste åra laga han mange dekorative arbeid med fargerike motiv i rikfolk sine hus. Han måla altartavla i Rjukan kyrkje i 1917 og «Drammenskomposisjonen» i Drammens handelsforening. Folkestad laga også ein del tresnitt. Arne Durban seier i Norsk Allkunnebok at Folkestad «førde ein brei og frodig pensel og var ein glad og saftig kolorist».

Folkestad skreiv ei mengd avisartiklar. Desse artiklane vart samla og trykt i bøkene Blå hjul (1923), Svingdøren (1926), Sol og morild (1929) og Gullfisken (1933).

Verk endre

Måleri endre

  • Paa Mørkeloftet, 1905
  • Grønsager, 1906
  • Høns i høstsol, 1906
  • Sommernat, 1908
  • Pariserfrokost, 1909

Bøker endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre