Beryl Korot (fødd 17. september 1945) er ein amerikansk bilet- og videokunstnar fødd i New York.[1] Ho er rekna som ein pioner innan videokunst, særleg for arbeid med fleire kanalar og skjermar.[2] Ofte bruker ho konsept frå vevnad i verka sine, til dømes ved å veva ulike bilde og videoar saman til ein installasjon, eller ved kombinasjonar av video, teikning, måleri og tekstilar.[1][3]

Beryl Korot
Statsborgarskap USA
Fødd 17. september 1945 (78 år)
New York by
Yrke kunstmålar, kunstnar, fjernsynsprodusent, videokunstner
Ektefelle Steve Reich

Korot var student ved University of Wisconsin 1963-1965.[2] I 1967 tok ho ein BA-grad i engelsk litteratur ved Queen's College.[1]

I 1970-åra var ho med på å grunnleggja Radical Software, det første tidsskriftet vigd videokunst.[3]

Korot er gift med komponisten Steve Reich, som ho også har samarbeidd med.[1] Dei har ein son, Ezra Reich (f. 1978).[4]

Verk endre

(utval)

  • 1973: Invision ; Lost Lascaux Bull ; Dishes ; Berlin Bees
  • 1974: Dachau 1974
  • 1976: Text and Commentary
  • 1990: Sarai, Abram’s Wife
  • 1993: The Cave, samarbeid med Steve Reich
  • 2002: Three Tales, samarbeid med Steve Reich
  • 2008: Florence
  • 2009: Etty

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Beryl Korot». jwa.org. Jewish Women's Archive. Henta 1. juli 2019. 
  2. 2,0 2,1 «Korot, Beryl | Benezit Dictionary of Artists», www.oxfordartonline.com (på engelsk), doi:10.1093/benz/9780199773787.article.b00300111, henta 5. juli 2019 
  3. 3,0 3,1 «Beryl Korot and Steve Reich», Hollywood Bowl (på engelsk), henta 7. juli 2019 
  4. «Beryl Korot | Jewish Women's Archive». 
  Denne kunstartikkelen som har med USA å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.