Bestemor er ei nemning på mor til kvar av nokon sine foreldre, altså både mormor og farmor.

Inuittbestemor med barnebarn i Nunavut i Canada.
Foto: Ansgar Walk, 1995

Ordsoge endre

Ordet kom inn i norsk frå lågtysk eller nederlandsk på 1700-talet. Det har særleg fortrengt ord som 'godmor'. Ei undersøking frå 2005 viste at dei spesifikke slektsskapsorda (farmor, mormor) enno vert meir brukte enn dei meir generelle, spesielt i bymål.[1]

 
Tre bestemødrer frå Det internasjonale forbundet av 13 bestemødre.

Tyding endre

Bestemødrer kan ha ein viktig rolle i oppseding av barnebarn, anten som støttespelar til foreldra eller som hovudomsorgsgjevar. «Bestemorhypotesen», som blei lagt fram på 1950-talet, føreslo at føremonene med bestemødrer for ei sosial gruppe er så viktig at menopausen, det at kvinner som regel ikkje får barn etter ein viss alder, kunne ha kome fram gjennom evolusjon.

I tillegg til menneske har også kvalar bestemødrer – eldre hokvalar som har nære band med kalvar. Det er også funne døme på bestemoromsorg hjå andre primatar, som japansk makak.

 
'Bestemor' måla av Albert Anker.

Bestemødrer i kulturen endre

Ei bestemor speler ein viktig, men lite aktiv rolle i eventyret om Raudhette og ulven.

I ei rekkje austeuropeiske folkeeventyr finst ein heksefigur med «Baba» ('gammal kone' eller 'bestemor') som del av namnet. Den best kjende forma er russiske Baba Jaga.

Den kjende tsjekkiske boka Babička ('Bestemora') av Božena Němcová frå 1855 har ei bestemor i hovudrolla.[2]

I norsk litteratur opptrer fleire bestemødrer i verket til Anne-Cath. Vestly, med særleg «Mormor» til dei åtte ungane som ein tydeleg figur.

Kjelder endre

Fotnotar endre

Anna endre

Bakgrunnsstoff endre