Bibelbeltet er eit kallenamn for regionar i fleire land der misjon og kristen bodskap står sterkt, mellom anna i Nederland, i USA og i dei områda av Skandinavia der den evangeliske protestantismen utgjer ein gjennomgripande del av kulturen. I USA svarer bibelbeltet til dei amerikanske sørstatane. I kolonitida blei det innført statskyrkje i regionen. Det skjedde i kolonitida, hovudsakleg med påverknad frå anglikanisme eller frå Den engelske kyrkja og presbyteriane i Den skotske kyrkja.

I Nederland endre

I Nederland strekkjer bibelbeltet seg frå Zeeland i sørvest, gjennom Betuwe og Veluwe, til dei nordlege delane av Overijssel. Også Flevoland har blitt ein del av det nederlandske bibelbeltet. Dette området vart polderisert i perioden 1957-1986. Den ortodokse forma for reformert kristendom som tidlegare prega folkesetnaden ved IJsselmeer fekk snart feste også i dei nye områda - som etter kvart blei ein eigen provins (så seint som i 1986). Den historiske grunnen til det nederlandske bibelbeltet er at katolikkane forfølgde protestantane både under og etter Åttiårskrigen.

I Norden endre

 
Bibelbeltet i Noreg.

I Sverige finst det eit bibelbelte sør om innsjøen Vänern, ved Jönköping der særleg pinsekyrkjelydane står sterke. Dette bibelbeltet held fram i Bohuslän, eit område der frikyrkjene tradisjonelt er sterke. I Danmark er den pietistiske indremission særleg talrik i bibelområdet kring Ringkøbing Fjord i Vest-Jylland. I Noreg bruker ein nemninga om område med mykje folkeleg kristen tru. Det norske bibelbeltet strekkjer seg langs kysten frå Aust-Agder til Møre og Romsdal, eller Vestlandet og Sørlandet.[1][2]

Referansar endre

  1. Fitjar, Rune Dahl (2009). The Rise of Regionalism: Causes of Regional Mobilization in Western Europe. Abingdon: Routledge. s. 164–5. ISBN 9781135203290. Henta 17. mai 2016. 
  2. Vincett, Giselle; Obinna, Elijah (2014). Christianity in the Modern World: Changes and Controversies. Farnham: Ashgate Publishing. s. 158. ISBN 9781409470250. Henta 17. mai 2016.