Bibliotekar er ein yrkestittel for ein person tilsett ved eit bibliotek, i dag som regel også utdanna innan bibliotek- og informasjonsvitskap. Bibliotekarar kan organisera og vedlikehalda informasjon og dokument samla i eit bibliotek, og har gjerne også i oppgåve å formidla og tilretteleggja dette materialet for brukarar.

Måleriet Bibliotekaren av Giuseppe Arcimboldo frå 1556.

Den eldste omtalen av yrkesgruppa er frå Antikken i samband med Biblioteket i Alexandria.

I Noreg endre

 
Vigdis Moe Skarstein blei norsk nasjonalbibliotekar i 2004.

I Noreg slår Bibliotekloven av 1985 fast at kvar kommune er pålagt å ha eit offentleg bibliotektilbod, og at biblioteksjefar må vera fagutdanna i bibliotekaryrket. Den vanlegaste utdanninga i Noreg skjer ved Høgskolen i Oslo, der ein kan ta mastergrad i bibliotek- og informasjonsvitskap. Dokumentasjonsvitenskap ved Universitetet i Tromsø er også godkjend utdanning for bibliotekarar. NTNU i Trondheim, Høgskolen i Bergen og Høgskolen i Agder har også bibliotekarretta fag.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre