William Scott «Bill» Bruford (fødd 17. mai 1949 i Sevenoaks i Kent) er ein engelsk trommeslagar, perkusjonist, komponist, produsent og eigar av eit plateselskap.[1] Han var den første trommeslagaren for progrockbandet Yes, frå 1968-1972. Bruford har spelt med mange andre populære artistar sidan tidleg i 1970-åra, inkludert ein periode som trommeslagar for Genesis på turneen deira i 1976. Etter at han forlet Yes, og i forskjellige periodar fram til 1997, var Bruford trommeslagar for progrockbandet King Crimson. Bruford gjekk bort frå progressiv rock for å spele jazz, og starta sitt eige jazzband, Earthworks, som han dreiv i fleire år. Han trekte seg attende frå det aktive musikklivet i 2009, men driv framleis to plateselskap og snakkar om musikk. Sjølvbiografien hans, Bill Bruford: The Autobiography, kom ut tidleg i 2009.

Bill Bruford

Bruford på Moers Festival 2004 i Tyskland
Fødd17. mai 1949 (74 år)
FødestadSevenoaks, Kent, England
FødenamnWilliam Scott Bruford
OpphavStorbritannia
Aktiv1968–2009
SjangerProgressiv rock, instrumental rock, jazz/fusion
InstrumentTrommer, perkusjon
Tilknytte artistarThe Breed, Savoy Brown, Mabel Greer's Toy Shop, Yes, King Crimson, UK, Genesis, Earthworks, Chris Squire, Bruford, Anderson Bruford Wakeman Howe, Bruford Levin Upper Extremities, Gong, National Health, Steve Howe, Gordian Knot, Annette Peacock
PlateselskapPolydor, E.G., Voiceprint, Winterfold, Summerfold
Verka somMusikar, låtskrivar

Han byrja å spele trommer då han var tretten, og var påverka av jazz, noko ein kan høyre på tidlege Yes-album. Jazz vart verande viktig for spelestilen hans gjennom karrieren hans. Han hadde suksess tidleg i 70-åra med Yes og spelte på dei fem første albuma deira, inkludert The Yes Album, Fragile, og Close to the Edge. Han forlet Yes i 1972, men kom attende ein kort periode for Union som kom i 1991.

Diskografi endre

Yes endre

King Crimson endre

Gjestemusikar endre

UK endre

  • U.K. (1978)
  • Live in America (1978, konsertopptak, kom ut 2007)

Bruford endre

Duett med Patrick Moraz endre

Anderson Bruford Wakeman Howe endre

Orkesterprosjekt med Steve Howe og Jon Anderson endre

Earthworks endre

Med The New Percussion Group of Amsterdam endre

  • Go Between (1987)

Bruford med Ralph Towner og Eddie Gomez endre

  • If Summer Had Its Ghosts (1997)

Bruford Levin Upper Extremities endre

Gordian Knot endre

Kjelder endre

  1. «Bill Bruford». AllMusic. Henta 12. juni 2012. 

Bakgrunnsstoff endre