Binders er ei klemme, oftast av bøygd ståltråd, til å halde papir saman. Ordet kan vere lånt frå engelsk som ei fleitalsform av ordet 'binder', men det engelske ordet for binders er «paper clip».

Ein binders.

Når ein binders vert klemt over ein høveleg papirbunke, får ståltråden ein vridning, og torsjonskrefter vil klemme papiret saman.

Historie endre

Bindersprinsippet vart første gongen patentert av Samuel B. Fay i USA i 1867. Bindersen hans var eigentleg meint for å feste merkelappar til tekstilar, men han vart òg marknadsført som papirklemme. Neste kjende patent vart gjeve til Erlman J. Wright i 1877. Klemma hans var uttrykkeleg laga for papir, og i form og verkemåte var han nokså lik dagens binders. Fleire nye patent følgde ut over 1800-talet, men ingen av patenta gjeld nøyaktig den bindersen vi brukar i dag.

The Gem Manufacturing Company i England starta bindersproduksjonen i 1890-åra – på svensk vert bindersen enno kalla for «ett gem». Den eldste dokumentasjonen med bilete er ei annonse frå august 1894 frå firmaet Cushman & Denison for «Gem Paper Clip».[1] Namnet «Gem» vart registrert som varemerke i USA i 1904.

Sidan er det innvilga patent for mange variantar over det same temaet – med spiss i staden for rund avslutning på «tungene», med enden bøygd ut frå planet for lettare å gape over papirkanten, med bølgjer eller mothakar på ståltråden for betre å halde på papiret, variantar med trekanta eller rund form osv.

 
Bindersar i ymse leter.

Ikon for genial design endre

Bindersen har to store funksjonelle problem. Det verste er at han tek med seg papir det ikkje var meint han skulle gape over. Mange arkiv har difo bannlyst bindersen. Eit anna problem er at han mistar spensten og lausnar når bunken vert for tjukk.

Men om den klassiske bindersen av gem-typen har funksjonelle ulemper, har den enkle forma appellert til design-interesserte, og bindersen har vorte eit symbol for god design. Seinest i 2003 vart han brukt som offisiell logo for Det internasjonale design-år i Barcelona, Any del disseny 2003.

Norsk bindershistorie endre

 
Johan Vaaler som student i 1887.
 
Vaalers «papirklemme», patentert i 1899 og 1901.

Johan Vaaler, fødd i Aurskog 15. mars 1866, død i Kristiania i 1910, har feilaktig fått æra for å ha funne opp bindersen. Han arbeidde på Bryns patentkontor då han søkte og fekk patent på ei liknande papirklemme i Tyskland (1899) og i USA (1901). Men papirklemma til Vaaler var mindre funksjonell fordi den siste runden på ståltråden mangla, og ho kom aldri i produksjon. I ettertid har nordmenn skapt ein nasjonal myte om bindersen som ei norsk oppfinning, og myten har òg funne vegen til internasjonal litteratur.

Nasjonalsymbol endre

Bindersens «norske opphav» var ukjent i fleire tiår. Mustads fabrikker begynte å produsere binders av gem-typen omkring 1930 i konkurranse med importvarar, utan å vite at han snart skulle bli eit nasjonalsymbol. Opphavsmannen til den sterke norske myten var overingeniør Halvard Foss ved Patentstyret. I 1920-åra gjekk han gjennom tyske patentarkiv for å kartleggje norske patent og kom tilfeldigvis over Vaalers gløymde patent. Han oppfatta oppfinninga som identisk med bindersen som han kjende frå skrivebordsskuffen. I Patentstyrets 50-årsberetning skreiv han bl.a.: «Den vanlige trådbinders i sin nåværende kjente form er oppfunnet av Johan Vaaler som var kontorsjef på et patentkontor». Til ein reportasje i A-magasinet frå 1989 fortalde han: «Jeg gjorde dette kjent i mine omgivelser». Feilslutninga breidde seg ut over landet og inn i fleire oppslagsverk etter andre verdskrigen. Ved 90-årsjubileet for Vaalers patent vart bindersen hylla i A-magasinet som ei genial norsk oppfinning, utan at nokon av bidragsytarane festa seg ved at Vaalers oppfinning ikkje var den same som bindersen i dagleg bruk.

I 1991 vart det reist ein gigantisk binders-skulptur utanfor Handelshøyskolen BI i Sandvika, sju meter høg og med ei vekt på 600 kg, som ei gåve frå den norske bindersprodusenten O. Mustad & Søn til «BI-dagene» dette året. Monumentet viser likevel ikkje Vaalers oppfinning, men ein binders av Gem-typen.

 
Bindersmonumentet frå 1989 utanfor det tidlegare BI-bygget i Sandvika.

I 1999, hundre år etter Vaalers tysklandspatent, gav posten ut eit frimerke med bilete av ein binders – som det første i ein serie frimerke med norske oppfinningar som tema.

Under krigen vart bindersen i Noreg brukt som eit teikn på samhald. Binders skal òg ha vore bruka som motstandssymbol i Frankrike.

Så seint som i 2005 omtalar den nye utgåva av Norsk biografisk leksikon Johan Vaaler som oppfinnar av bindersen.

Kjelder endre

  1. History of the Paper Clip i Early Office Museum.

Litteratur endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Binders