Bindningsenergi er den energien som blir frigjort når eit system av frie partiklar hamner i ein bunden tilstand, einskilde gonger med motsett forteikn avhengig av konvensjonar. Bindingsenergi blir først og fremst nytta innan atom- og kjernefysikken.

Kjernefysikk endre

 
Bindningsenergi per nukleon i MeV for vanlege nuklider som funksjon av massetal

Proton og nøytron er bundne i atomkjernar gjennom sterk vekselverknad. Skilnaden i bindingsenergi mellom sluttnukleid og startnukleid er kjelda til energiforvandlinga i stjerner og i kjernekraftverk. Atomkjernane sine bindingsenergiar avheng av mengda nøytron og proton. For store mengder partiklar kan avhengigheita skildrast av Bethe-Weizsäcker-formelen. Jarn har høgast bindingsenergi. Det tyder at energi blir frigjort når ein forvandlar atomkjernar slik at dei nærmar seg dei stabile jernnuklidane i atomnummer og massetal. Difor kan ein få energi frå fisjon av tunge grunnstoff og gjennom fusjon av lette grunnstoff.

Sjå òg endre

Kjelder endre