Bioetanol er eit drivstoff framstilt av plantar som inneheld sukker, cellulose eller stivelse. I Brasil, som er den største produsenten av bioetanol i verda, vert drivstoffet framstilt på basis av sukkerrøyr, men ein kan òg framstille bioetanol av mellom anna mais, potet eller trevirke.

Innhausting av sukkerrøyr. I Brasil vert det årleg framstilt rundt 15 milliardar liter bioteanol, framstilt av sukkerrøyr eller avfall frå sukkerproduksjonen.

I verda vert det (2005) framstilt 28 milliardar liter bioetanol, om lag 10 gonger det årlege norske bensinforbruket. Produksjonen av bioetanol er tolv gonger større enn produksjonen av biodiesel.

Produksjon endre

Såkalla førstegenerasjons bioetanol vert framstilt ved gjæring av sukkerhaldige plantedelar. Når alkoholprosenten når 12 %, vert væska destillert. I denne enkle gjæringsprosessen brukar ein plantar som det har vore vanleg å bruke til mat - som sukkerrøyr eller mais og i den seinare tid kveite.

Andregenerasjons bioetanol vert framstilt ved gjæring av halm eller trevirke.

Den bioetanolen som vert produsert i verda i dag, er i all hovudsak første generasjons bioetanol. Satsinga på bioetanol vert kritisert av somme, fordi det vert bruka matvarer i produksjonen. Mot dette vert det heldt fram at produksjonen av råvarene gjev arbeidsplassar og auka velstand blant fattigfolk. Ei anna innvending er at det vert hogd ned skog for å gje areal til råvareproduksjonen. Denne hogsten fører til store utslepp av CO2.

Tekniske eigenskapar endre

Dei aller fleste bensinbilar kan utan problem køyre på bensin innblanda opptil 20 % etanol. E85 er bensin som inneheld 85 % bioetanol. Ein kan byggje om bensinmotorar slik at dei kan gå på E85.

Dieselmotorar kan byggjast om slik at dei kan gå på rein etanol.

Bioetanol inneheld noko mindre energi enn bensin, forbruket vil derfor verte noko høgre om ein køyrer på bioetanol. Innblanding av små mengder bioetanol (5-10 %) kan likevel gje betre drivstoffutnytting, sidan det høge oksygeninnhaldet i etanol verkar gunstig på bensinforbrenningsprosessen.

Miljøgevinst endre

Når det gjeld lokal luftforureining, er ikkje bioetanol betre enn bensin framstilt av fossil olje. Men utsleppet av klimagassar er mindre. Sidan energien i plantesukker kjem frå plantar som igjen har bunde energien gjennom fotosyntese, er bruk av bioetanol i prinsippet CO2-nøytralt.

Miljøgevinsten ved bruk av bioetanol er avhengig av råstoffet, inkludert kor mykje energi som er brukt til framstilling av råstoffet, om det er bruka kunstgjødsel m.v. Klimagevinsten er rekna til 90% klimagass reduksjon ved bruk av bioetanol frå sukkerrøyr til 15-30 % reduksjon ved bruk av bioetanol laga mais.

Kjelder endre