Biofysikk

vitskapsgrein

Biofysikk er ei grein innan vitskapen der ein prøver å skildre og forklare biologiske fenomen ved hjelp av omgrepa og lovene i fysikken. I vidare forstand omfattar biofysikk òg studiet av verknader frå dei fysiske omgjevnadane på biologisk materiale og bruk av fysiske instrument og teknikk for å studere biologiske system.

Biofysikken er delt inn i fleire område:

I molekylær biofysikk blir store molekyl og partiklar av tilsvarande storleik studert, som til dømes nukleinsyrer, arveanlegg, virus osv. Viktige hjelpemiddel er elektronmikroskop, røntgenapparat og ultrasentrifuge.

I strålingsbiofysikk undersøker ein responsen til organismar på ioniserande stråling, idet slik stråling kan øydeleggje eller framkalle varige forandringar i levande celler. Denne greina er særskild viktig innan kreftforsking og genetikk.

Fysiologisk biofysikk (eller klassisk biofysikk) omfattar studiet av sansar, nervefunksjonar, muskelreaksjonar og liknande, og dessutan fysiologiske reaksjonar på forandring av fysiske omgivnader, til dømes verknader av vektlaus tilstand og store akselerasjonar.

I teoretisk biofysikk vert det nytta matematiske modellar for å studere biologiske prosessar ved lovar frå termodynamikken, hydrodynamikken, statisk mekanikk osv., og for å finne fram til prinsippa som desse prosessane regulerast og blir styrt etter. Dette siste blir ofte omtalt som kybernetisk biofysikk.

Kjelder endre