Birger Malling (8. juni 18848. desember 1989) var ein norsk augelækjar frå Bergen. Han var professor 1939-54 ved Universitetet i Oslo.

Birger Malling
Fødd8. juni 1884
Død8. desember 1989
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
Alma materUniversitetet i Oslo
Bergen Katedralskole

Liv og gjerning endre

Malling var son til ein kriminaldommar. Sjølv vart han i 1910 cand.med. med augesjukdomar som spesialfelt. Etter tre år med studiar i Austerrike, Tyskland og Danmark, etablerte han i 1913 praksis i Tromsø. Her gjennomførte han sin fyrste operasjon på eit levande menneske, til dess hadde berre øvd på kadaver.

I Tromsø arbeidde Malling på ei doktoravhandling om fargesansen. Med ein heimelaga «spaltelampe så og beskrev han, som den første, det fine belegg i form av en sentral skive på linseforflaten», noko han sette i samband med grøn stær. Her gjennomførte han også «en serie plastiske operasjoner av øyelokkene, nesen, leppene» på ei kvinne, Anna Lusine, med eit sterkt vansira ansikt. Sjølv sette han denne gjerninga høgst i sitt yrkesliv. Frå 1921 var Malling augelækjar i fødebyen Bergen.

I 1939 vart Malling utnemnd til professor i medisin og samstundes overlege ved Rikshospitalet i Oslo. Denne posisjonen hadde han til 1954. Sidan dreiv han privatpraksis til han over 90 år gammal.

Kjelder endre