Birger Martinussen

Birger Martinussen (fødd 4. juli 1875 på Søberg i Bø i Vesterålen, død 17. januar 1910 i Bø i Vesterålen) var ein norsk student, skribent og dialektgranskar.

Birger Martinussen
Fødd 4. juli 1875
Død

17. januar 1910 (34 år)

Liv og virke endre

Foreldra til Birger Martinussen var William Andreas Joakim Martinussen (1856-1945) og Anne Marie Olsen (1855-1940). Birger hadde tre søsken, Anny Pauline (1883-1954), Pauline Sofie (1886-1964), og Magna Johanne (1895-1989). Anny og Magna var ikkje gift, Pauline var gift med Karl Fjærvoll.[1]

Birger Martinussen tok middelskoleeksamen i Trondheim på eitt år etter å ha lese middelskolepensum heime i Bø over to år saman med seks andre sambygdingar.

Etter middelskoleeksamen reiste Birger til Kristiania og begynte på eit privat gymnas, Hauges Minde, som blei drive av Kristiania Indremisjonsforeining, og i 1905 tok han examen artium ved Det kongelige Fredriks universitet som privatist. Same året begynte han å studere juss. I Kristiania kom han med i Bondeungdomslaget og Studentmållaget. Frå no av skreiv han berre landsmål, og han var også republikanar.

Studietida i Kristiania blei kort. Vinteren 1906 blei han sjuk, han fekk nyretuberkulose. No reiste han heim til Bø og fordreiv tida med lesing, felespel, treskjering og skriving. Han var også med i ungdomslaget på Straume. På denne tida begynte han også å samle stoff og skrive Maalet i Bø i Vesteraalen, der han blant anna la vinn på å syne samanhengen mellom bømål og landsmål. I ungdomslaget Fram heldt han i 1907 innleiing til ordskifte om målsaka der han tok utgangspunkt i sine eigne erfaringar frå Kristiania.

Birger Martinussen sleit med helsa heime i Bø. Hausten 1909 reiste han til ein morbror i Bergen som hadde kurbad. Han syntest kuren gjorde godt, og han søkte derfor ei redaktørstilling i avisa Nordmør i Kristiansund, som han fekk. På vegen dit over jul blei han sjuk, men han greidde å få ut eit par nummer av avisa. Han var dødssjuk, men ville reise heim, og saman med ei sjukesøster reiste han nordover. Søstera hans, Anny, møtte han i Svolvær, og han døydde på lokalbåten ved kaia i Skagen 17. januar 1910.

Utgjevingar endre

  • Maalet i Bø i Vesteraalen. Student-maallaget, Oslo. 32 sider. 1907.[2]

Ingeborg Hoff seier dette om dette vesle skriftet: «Da ‘Målet i Bø i Vesterålen’ kom ut i 1907, var det eitt av dei fyrste arbeid i sitt slag: ein grammatikk over bygdemålet i jamføring med normalmål, som skulle visa at dette nordnorske målføret var eit mål med grammatiske reglar og lover på line med andre målføre, og ein lekk i det norske talemålet, som i sine skiftande målføre-utformingar vert nytta av vanlege folk over heile landet.»[3]

  • Målet i Bø. Auka utgåve ved Finn Myrvang. 48 sider. Bø i Vesterålen. 1973.[4]

Kjelder endre

  • Finn Myrvang: "Birger Martinussen". Bøfjerding 1980. Bø bygdelag: Bø i Vesterålen. (Utgitt 1979).

Fotnotar endre

  1. Slektsdata frå http://www.blix-dahle.no/tng/getperson.php?personID=I16613&tree=blixdahle[daud lenkje]
  2. Birger Martinussen: Maalet i Bø i Vesteraalen. Norske Maalføre III. Student-maallaget hev gjeve det ut hjaa Olaf Norli. Oslo 1907
  3. Finn Myrvang: "Birger Martinussen". Bøfjerding 1980. Bø bygdelag: Bø i Vesterålen. (Utgitt 1979).
  4. Målet i Bø, ved Birger Martinussen. Auka utgåve 1973 ved Finn Myrvang. Bø bygdelag, 8470 Bø i Vesterålen.