Bishop Rock (kornisk Men an Eskob) er eit lite skjer heilt vest i Scillyøyane. Det står eit fyr på skjeret.

Bishop Rock

Bishop Rock fyr (2005)
StadScillyøyane i Storbritannia
Oppretta1858
Koordinatar49°52′24″N 6°26′41″W / 49.87333°N 6.44472°W / 49.87333; -6.44472
Høgd44
Fyrlys
Lyskarakter2 kvite blink kvart 15. sekund
Lysstyrke600 000 cd
Lysvidde38 nm
Status
Automatisert1992
Kart
Bishop Rock
49°52′22″N 6°26′45″W / 49.872896°N 6.445708°W / 49.872896; -6.445708

Skjeret har ikkje plass til anna enn det 44 meter høge fyret. Bygginga av det opphavlege fyret starta i 1847, men vart vaska bort før det vart ferdig. Det noverande tårnet stod ferdig i 1858 og vart tent 1. september same år.

Bishop Rock var startpunktet for skipsrutene over Nord-Atlanteren på første halvdel av 1900-talet. Skip som segla raskast (i vilkårleg retning) mellom skjeret og innløpet til Lower New York Bay i USA fekk bere Atlanterhavets blå band for raskast overfart.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre