Bispetanagar

art av sporvefuglar
Bispetanagar
Bispetanagar
Bispetanagar
Utbreiing
Utbreiinga av bispetanagar
Utbreiinga av bispetanagar
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Tanagarar Thraupidae
Slekt: Thraupis
Art: Bispetanagar T. episcopus
Vitskapleg namn
Thraupis episcopus

Bispetanagar (Thraupis episcopus) er ein mellomstor tanagar (Thraupidae) med utbreiing i Mellom-Amerika og Sør-Amerika. Vi finn han frå Mexico i nord til nordaustlege Bolivia, nordlege Brasil og heile Amazonasbassenget med unnatak av dei sørlegaste delane. Han er introdusert i Lima-området, Peru.

Hekkehabitatet er opent skogslandskap, kulturlandskap og hagar. Bispetanagaren har eitt til tre, vanlegvis to egg i kullet. Egga vert lagt i eit djup koppforma reir i ei treforgreining eller i ei sprekk i eit bygg. Rugetida er 14 dagar og ungane treng ca. 17 dagar til dei er flygedyktige. Reira vert somme tider angripne av parasittiske trupialar (slekta Molothrus). Bispetanagaren er ca. 18 cm lang og veg ca. 35 gram. Vaksne individ har blågrått hovud og blågrå underside med mørkare blå overside. Ungfuglar har lysare fjørdrakt. Nebbet er kort og ganske tjukt. Kjønna er like i utsjånad.

Dietten til bispetanagaren er hovudsakleg frukt, men dei tar òg noko nektar og litt insekt. Dette er ein vanleg, kvilelaus, støyande og tillitsfull art, vanlegvis opptrer dei parvis og somme tider i små grupper. Han deler habitat med menneske og vil ta for seg av kultivert frukt som papaya.

Ved Asa Wright Nature Center på Trinidad
Bispetanagar på Costa Rica

Songen er pipande kvitring, avbroten av kalletonane tsii og tsuup.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Bispetanagar