Ei bjølle, av norrønt bjǫllu, ei oblik form av bjalla, er ei lita metallklokke med kolv i.[1] Når klokka heng fritt, kan kolven slå mot klokka og gi ein ringelyd.

Ei kubjølle.

Dombjøller er runde, hole bjøller med kuler inni.[2] Forstavinga dom siktar til at dei gir ein døyvd, i eldre språk dumb, lyd.[treng kjelde]

Ordet bjølle kan også bli brukt om tilsvarande innretningar som gir lette plingelydar.

Bruk av bjøller endre

Bjøller blir hengde rundt halsen på husdyr som går på utmarksbeite slik at dei skal bli lettare å finne att. Dørbjøller ringer når ein opnar ei dør, og i butikkar kan ei bjølle på disken varsle personalet om kundar som ønskjer hjelp.

Dombjøller vert brukte på hestar.

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Bjølle