Bjørg G. Hovland

Bjørg G. Hovland (fødd 1941) er ein norsk bunadprodusent. Ho er frå Luster. Hovland har rekonstruert fleire eldre draktplagg i indre og midtre Sogn, mellom anna har ho bygd på bilete av nasjonalromantiske kunstnarar som Johannes Flintoe og J.C. Dahl.

Bjørg G. Hovland
Fødd 1941 (83 år)
Yrke skribent

Hovland syr bunader, har halde kurs i bunadssaum og om hovudplagg, og ho har skrive artiklar i fagblad og bøker om bunader.

I 2014 gav Hovland ut boka «Folkedrakter og bunader frå Sogn» (Skald Forlag). Ho er tildelt «Gullnål med Diplom» frå Norges Husflidslag, og ho fekk Luster kommune sin kulturpris i 1996.

Bibliografi endre

Bøker endre

  • 2014 – Folkedrakter og bunader frå Sogn : ei reise i tid og landskap (Leikanger: Skald). ISBN 978-82-7959-199-3

I bøker - eit utval endre

I tidsskrift - eit utval endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre