Bjørgulv Braanen

Bjørgulv Braanen (fødd 14. november 1956 i Fredrikstad) er ein norsk journalist og samfunnsdebattant frå Bærum. Han var redaktør av den sosialistiske dagsavisa Klassekampen frå 2002 til 2018. Frå 2018 har han vore politisk redaktør i same avis.

Bjørgulv Braanen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 14. november 1956 (67 år)
Fredrikstad
Yrke journalist, redaktør
Ektefelle Lena Lindgren
Born Aksel Braanen Sterri
Bjørgulv Braanen på Commons

Braanen var leiar for Yrkesskoleelevenes og lærlingenes interesseorganisasjon (YLI) frå 1977 til 1979. I fleire år på 70- og 80-talet jobba han som sveisar, mellom anna på Nylands mekaniske verksted i Oslo. Han arbeidde som journalist i Klassekampen frå 1984 til 1990 og som redaksjonssjef frå 2000 til 2002, då han vart redaktør for avisa. I perioden frå 1990 til 2000 arbeidde han for avisa Dagens Næringsliv.

Braanen var leiar av Raud Ungdom då det var ungdomspartiet til AKP (ml).

Braanen har grunnfag i historie. I 2005 peika Dagbladet han ut som ein av Noregs ti viktigaste intellektuelle. Året etter fekk han Fritt Ord-prisen for Klassekampen sitt bidrag til seriøs politisk journalistikk. Braanen vart kåra til «årets redaktør» av Oslo Redaktørforening i 2010.

I tida etter at han vart redaktør for Klassekampen har Braanen skildra seg sjølv som sosialist, og som sterkt inspirert av Finn Gustavsen, Ottar Brox, Karl Marx og Johan Castberg.

Kjelder endre