Bjørn Andreas Paulson (21. juni 192314. januar 2008) var ein norsk høgdehoppar og jurist, fødd i Bergen. Han vann sølvmedaljen i høgdehopp under dei olympiske leikane i London i 1948 og vart same året norsk meister i øvinga, då han representerte IL Skjalg.

Bjørn Paulson
Statsborgarskap Noreg
Fødd 21. juni 1923
Bergen
Død

14. januar 2008 (84 år)
Skien kommune

Yrke friidrettsutøvar, Statsadvokat, jurist

Paulson var statsadvokat i Telemark frå 1967 til han gjekk av for aldersgrensa i 1993.

Friidrett endre

Under Sommar-OL i London i 1948 fekk han sølv i finaletevlinga etter å ha svinga seg over 1,95 meter, som den einaste i fyrste forsøk. Den neste høgda, 1,98 m, var det berre John Winter frå Australia som tok seg over. Paulson var den einaste nordmannen som tok medalje i friidrett i 1948-leikane.

Paulson sette personleg rekord i høgdehopp med 1,96 meter under NM i Trondheim i august 1948, då han vann sitt einaste noregsmesterskap og si einaste NM-medalje. Det gjorde han i ein knivskarp duell med Birger Leirud, som også fekk notert 1,96 m.

Paulson døydde i Skien.

Kjelder endre

  • Magnus Breili: Sport i navn & tall. Oslo 1971