Bjørn Reinertsen

Bjørn Moi Reinertsen (10. mars 192016. desember 1943) var eit av dei sentrale medlemma av den norske etterretningsorganisasjonen XU under andre verdskrigen. Han vart drepen av Gestapo 16. desember 1943.

Bjørn Reinertsen
Fødd10. mars 1920
FødestadOslo
Død16. desember 1943
DødsstadOslo

Då krigen byrja studerte Reinertsen medisin ved Universitetet i Oslo i eit miljø der fleire av Xu sine framståande medlem vart rekrutterte frå. Etter den tyske invasjonen av Noreg vart Reinertsen tidleg med i illegalt arbeid og var med å gi ut aviser.

Reinertsen vart arrestert av Gestapo og sat fengsla på Grini i to månader hausten 1942 i samband med Kongeblomstaksjonen.[1]

Då han vart drepen av Gestapo i desember 1943, tilhøyrde han den sentrale XU-leiinga i Oslo i lag med Øistein Strømnæs, Anne Sofie Østvedt, Astrid Løken og Otto Øgrim.[2]

Kjelder endre

  1. «Bjørn Moy Reinertsen - Norsk digitalt fangearkiv 1940-1945 - Fanger.no». www.fanger.no. Henta 16. mars 2024. 
  2. Færøy, Frode (29. august 2023). «XU». Store norske leksikon. Henta 16. mars 2024. 

Bakgrunnsstoff endre