Bjørnevegen i Bergen

veg i Bergen kommune

Bjørnevegen er ei gate på Apeltun i Fana i Bergen. Heile gata går på den tidlegare traséen til Nesttun-Osbanen frå Sætervegen og sørover langs Apeltunvatnet til Krohnåsvegen. Vegen er om lag 1,2 km lang og er ein del av nasjonal sykkerute 1. Det meste av vegen er framkommeleg for bil, men er stengd for andre enn gåande og syklistar like før han går over i Krohnåsvegen.

Bjørnevegen er ein del av den gamle Osbanen.

Namnet vart vedteke i 1961. Fleire vegar i dette området har òg dyrenamn.

Knutepunkt endre

Kjelder endre

  • Gunnar Hagen Hartvedt (2003). Bergen Byleksikon (4. utg.). Oslo: Kunnskapsforlaget. ISBN 82-573-1036-0. </