Bjarne Kristoffersen

Bjarne Kristoffersen (fødd 15. november 1916 i Nedre Eiker, død 25. mars 1994) var ein norsk teiknar og teikneserieutgjevar. Han fekk offentleggjort dei første teikningane sine i Drammensavisa Fremtiden alt som 11-12 åring. Han fekk stønad frå heimekommunen for å ta teikneutdaning. Dei første teikneoppdraga han hadde var mellom anna i Donald Duck, der han teikna rebusar og andre oppgåver. I 1954 vart han teiknar av Soldat 47, som han gav ut saman med Øyvind Dybvad.

Bjarne Kristoffersen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 15. november 1916
Nedre Eiker kommune
Død

25. mars 1994 (77 år)

Yrke illustratør, teikneserieskapar

Etter som Jens R. Nilssen reduserte teikneoppdraga sine, overtok Kristoffersen Peik i 1958, Vangsgutane i 1959 og Bamsemann i 1964. Bjarne Kristoffersen var og tilknytt Bladkompaniet som teiknar.

Kjelder endre

  • Haakon W. Isachen: Ingen jul uten Juleheftene Egmont serieforlag 2004