Blåveis
Blåveis
Blåveis
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Ranunculales
Familie: Soleiefamilien Ranunculaceae
Slekt: Hepatica
Art: Blåveis H. nobilis
Vitskapleg namn
Hepatica nobilis

Blåveis (Hepatica nobilis, Linné kalla planten Anemóne hepática) er ein fleirårig urt i soleiefamilien. Han har karakteristiske, leverforma, vintergrøne blad og blå blomar i april–mai. Planten vert om lag 10 cm høg.

Blomen

Blåveisen finst i Europa nord til Skandinavia og Finland, og sør til Apenninane og Pyreneane. Den manglar i Vest-Frankrike og på Dei britiske øyane. Blåveisen veks på turr og kalkrik grunn i lauvskog eller barskog. På desse vekseplassane viser ingen andre blomar seg før blåveisen. Allereie under snøsmeltinga byrjar han å opne dei mørkeblåe kronblada sine.

I Noreg er blåveisen vanlegast på Austlandet, Sørlandet og i Trøndelag, men planten finst òg i Ryfylke, Hardanger og ved Bodø.

Slektsnamnet Hepatica viser til det latinske ordet for lever (hepar), medan artsnamnet, nobilis, tyder ‘edel’.

Etter blomstringa ligg stengelen bøygd mot jorda, og småfruktene (nøttene) vert liggande nær morplanten. Dei vert spreidde med hjelp av maur (ein myrmekofil plante).

Blåveis vert dyrka i hagar — både den arten som veks vilt i Noreg og ungarsk blåveis (Hepatica transsylvanica).

Blåveis er fylkesblom i Akershus.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Blåveis