Blake Shelton

amerikansk songar og musikar

Blake Tollison Shelton (fødd 18. juni 1976)[1] er ein USA-amerikansk countrysongar og fjernsynskjendis. I 2001 debuterte han med singelen «Austin». Singelen, som kom frå det sjølvoppkalla debutalbumet hans, låg fem veker på toppen av Billboard Hot Country Songs-lista. Albumet selde til platinastatus i USA.[1]

Blake Shelton

Shelton i July 2017
Fødd18. juni 1976 (47 år)
FødestadAda i Oklahoma i USA
FødenamnBlake Tollison Shelton
OpphavUSA
AktivSidan 2001
SjangerCountry
Instrumentgitar, vokal
Plateselskap
Verka som
  • Songar
  • fjernsynsprogramleiar
Gift medMiranda Lambert, Gwen Stefani
Sambuar medGwen Stefani
PrisarOklahoma Music Hall of Fame

The Dreamer frå 2003 og Blake Shelton's Barn & Grill frå 2004 selde til høvesvis gull- og platinaplate.[1]

Fram til mai 2020 har Shelton hatt 40 singlar inne på Country-lista i USA, inkludert 27 på toppen av lista,[2] der 17 av dei var på rad. Den 11. førsteplassen hans («Doin' What She Likes») slo rekorden for talet på førsteplassar på rad på Country Airplay-lista.[3] Han har blitt nominert til Grammyprisen ni gonger.[4]

Shelton har òg vore dommar i songkonkurransen Nashville Star, Clash of the Choirs og mentor på NBC-serien The Voice.

Diskografi endre

Studioalbum
Singlar

(utval)

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 Cohoon, Rick. «Blake Shelton biography». AllMusic. Henta 8. november 2020. 
  2. «Now 'Hear' This: Blake Shelton Scores 24th Airplay No. 1». Henta 5. juli 2017. 
  3. Jessen, Wade. «Shelton Sets Record». Prometheus Global Media. 
  4. «Blake Shelton». Recording Academy. Henta 8. november 2020. 
  5. «Blake Shelton Chart History (Country Airplay)». Billboard. Henta November 23, 2021. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Blake Shelton