Blanding

to eller fleire stoff som er blanda saman, og som ikkje er bundne saman kjemisk

Ei blanding er i fysikk og kjemi eit stoff som er samansett av to eller fleire bestanddelar som ikkje har inngått noko kjemisk sambinding og ikkje treng å stå i noko bestemt mengdeforhold til kvarandre. Ei blanding vert kalla mekanisk eller heterogen om dei enkelte bestanddelane eksisterer som molekylgrupper og kan påvisast til dømes i mikroskop. Som døme på mekanisk blanding finn ein sand og sement, uklåre løysingar og emulsjonar. Ei blanding der dei enkelte molekyla er blanda jamt med kvarandre, kallast homogen. Luft, klåre løysingar og ekte legeringar er homogene blandingar.

Kjelder endre