Blas de Lezo y Olavarrieta (3. februar 16897. september 1741), òg kalla «Patapalo» (Trebein) og seinare «Mediohombre» (Halvmann) på grunn av dei mange skadane han pådrog seg i den lange militær karrieren sin, var ein spansk admiral og ein av dei største strategane og kommandantane i den spanske marinen nokon gong.

Blas de Lezo

Statsborgarskap Kongeriket Spania
Fødd 3. februar 1689
birth house of Blas de Lezo
Død

7. september 1741 (52 år)
Cartagena i Colombia

Yrke marineoffiser, militær befalingshavende, soldat
Språk spansk, Baskisk
Blas de Lezo på Commons

Virke endre

Blas de Lezo y Olavarrieta starta marinekarriera si i den franske marinen i 1701 som sjøkadett. I 1704 kjempa han i den spanske arvefølgjekrigen som ein del av mannskapet i den fransk-spanske flåten, som dreiv tilbake flåten til England og Nederland i slaget ved Vélez Málaga. Her mista Lezo det venstre beinet sitt. Han vart råka av ei kanonkule og fekk foten amputert under kneet utan bedøving og utan å seie eitt ord eller lage ein lyd. Han var forfremma til fenrik og var til stades i slaga utanfor Peñíscola i Spania og PalermoSicilia. Tenestene hans her førte han opp i graden skipsløytnant. I forsvaret av Toulon mista han det venstra auga. Han synte klokt leiarskap under dei mange konvoiane han kommanderte og lurte mellom anna Royal Navy utanfor kysten av Catalonia. I 1711 tente han under Andrés de Pez i marinen og i 1713 vart han forfremma til kaptein. I 1714 mista han de høgre armen under omleiringa av Barcelona. Seinare i dette felttoget, som leiar av ein fregatt, tok han elleve britiske skip.

Etter den spanske arvefølgjekrigen fekk han kommando over flaggskipet «Lanfranco» og med det kontroll over Sørhavsflåten i 1723. Han øydela og dreiv bort britiske og nederlandske sjørøvarar frå stillehavskysten i Amerika og erobra tolv skip. Han vart gift i Peru i 1725.

 
Bilete av Blas de Lezo i sjøfartsmuseumet i Madrid.

I 1730 kom han tilbake til Spania og vart leiar for Middelhavsflåten og med denne flåten segla han til Republikken Genova for å tvinge dei til å betale to millionar pesos som dei skulda Spania.

 
Blas de Lezo sin fregatt tauar det britiske skipet «Stanhope».

Ombord på «Santiago» kommanderte han og José Carrillo de Albornoz i 1732 eit tokt til Oran med 54 skip og 30 000 mann og erobra byen frå Det osmanske riket. Bay Hassan klarte å samle troppane sine og omringa byen. Lezo kom tilbake med seks skip og 5000 mann og klarte og drive bort berbar-sjørøvarane etter harde kampar. Han var ikkje nøgd med dette og tok flaggskipet med 60 kanonar inn til tilfluktsstaden til sjørøvarane i Mostaganbukta, ein bastion forsvart av to fort og 4000 maurarar. Han påførte fortet og beyn stor skade. Dei neste månadane oppretta han ein blokkade og hindre algeriarane å få forsterkningar frå Istanbul, og på den måten få nok tid til å sikre forsvaret av Oran, fram til ein epidemi tvinga han tilbake til Cadiz.

I 1734 vart han forfremma til generalløytnant i marinen. Han returnerte til Amerika med skipa «Fuerte» og «Conquistador» i 1737 som generalkommandør i Cartagena de Indias, ein by han måtte forsvare mot den britiske admiralen Edward Vernon i slaget ved Cartagena de Indias (1741) under krigen om øyra til Jenkins, den største amfibiske krigshendinga fram til D-dagen i 1944.

Den britiske invasjonsflåten var ein av dei største i historia og bestod av heile 186 fartøy (den spanske armadaen hadde til samanlikning i 1588 126 skip), inkludert linjeskipa, fregattar, brannskip og transportskip med om lag 2000 kanonar. For å stå imot dette hadde Blas de Lezo berre 2400 soldatar, 600 indianske bogeskyttarar og mannskapet og troppar på seks linjeskip. Vernon var sikker på siger og sende melding til London om at slaget var vunne før det hadde starta. Taktikken til Blas de Lezo overraska Vernon. Han gav ordre om å søkkje alle fartøya sine slik at hamna vart blokkert. Rundt bymurane grov han djupe grøfter for å hindre direkte åtak. Grøftene vart greve i sikk-sakk mønster for å hindre at kanoneld skulle lukke dei att. To soldatar vart sende til den engelske leiren og let til å overgje seg. Dei gav så engelskmennene falsk informasjon om dei spanske posisjonane. Om natta gjekk den spanske armeen overraskande til åtak med bajonettar og tvinga engelskmennene tilbake, trass i at dei var mange fleire. Sjøslaget varte enno eim månad før den britiske flåten returnerte til Jamaica på grunn av tropiske sjukdommar som påførte dei store tap.

Det kolossale slaget varte 67 dagar. Det britiske nederlaget gjorde at Det spanske imperiet bestod i Amerika. Blas de Lezo vart derimot råka av pest på grunn av dei mange lika som ikkje vart gravlagde.

Kjelder endre

  • Denne artikkelen bygger på «Blas de Lezo» frå Wikipedia på engelsk, den 30. desember 2008.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
      • Victoria, Pablo (2005) El día que España derrotó a Inglaterra : de cómo Blas de Lezo, tuerto, manco y cojo, venció en Cartagena de Indias a la otra "Armada Invencible" Áltera, Barcelona, Spania, ISBN 84-89779-68-6
      • Quintero Saravia, Gonzalo M. (2002) Don Blas de Lezo: defensor de Cartagena de Indias Editorial Planeta Colombiana, Bogotá, Colombia, ISBN 958-42-0326-6, in Spanish
      • Meisel Ujueta, Alfonso (1982) Blas de Lezo:vida legendaria del marino Vasco Litografía Dovel, Barranquilla, Colombia, OCLC 27881652, (spansk)
      • Cano, Domingo Manfredi (1956) Blas de Lezo Publicaciones Españolas, Madrid, OCLC 17273075 (spansk)
      • Barcaiztequi y Manso Llobregat, José Javier de (1927) Un general español cojo, manco y tuerto, don Blas de Lezo, natural de Pasajes B. Valverde, Irún, Spain, OCLC 32539491 (spansk)

Bakgrunnsstoff endre