For blekk i meininga ei farga væske til å skrive, teikne eller prente med, sjå Blekk

Blekk i meininga tynnmetall er nemninga på ymse typar metall (til dømes jarn, kopar, aluminium) som er valsa ut i tynne flak som oftast er plane, men òg kan vere profilerte eller korrugerte, som til dømes bølgjeblekk.

Den franske Citroën type H hadde karosseri av bølgjeblekk.

Tjukkleiken kan variere, men er han større enn seks millimeter, kallar ein det vanlegvis for 'plater', ikkje 'blekk'. Ekstra tynne flak vert heller ikkje kalla blekk, men folie (metallfolie), som til dømes den aluminiumsfolien som vert nytta til å pakke inn mat i. Folie av gullegering vert vanlegvis kalla bladgull.

Blekk av ulike metall vert nytta i industriverksemder og av handverkarar som emne for ein rad ulike produkt. Handverkarar som har som yrke å forme til og arbeide med blekk som skal nyttast på eller i bygningar, vert kalla blekkslagarar.

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.