Blendingsgardin er ei gardin som har som føremål å hindre lys i å sleppe ut av vindauget (til skilnad frå vanlege gardiner, som hindrar lys frå å kome inn, eller innsyn). Blendingsgardiner var påbodne under andre verdskrigen i alle vindauge der ein hadde lys i rommet innanfor. Slike påbod vart utskrive i alle land som var rørt av krigen, medan eksempelvis Sverige som nøytralt land ikkje hadde noko tilsvarande.

Blendingsgardin brukt i New Zealand under andre verdskrigen.

Grunnen til påbodet om mørklegging var at nattleg flynavigasjon over landet skulle gjerast mest mogleg vanskeleg ved at ein fjerna alt lys i tettbygde strøk og langs vegar. Òg det vesle som var av lovleg biltrafikk vart rørt ved at hovudlysa vart blenda av med limband eller måling slik at berre ei stripe lys kom ut.

Militærvesenet har i praksis følgt dette opp ved at militære køyretøy har blendingshetter til hovudlysa som vert brukt ved feltøvingar.

Blendingsgardinene i bruk under krigen kunne vera ulikt utforma, men måtte vera lystette. I praksis skaffa dei fleste seg rullegardiner av tjukt svart papir med breidd litt over vindaugsopninga. Kvaliteten på papiret var så som så, så litt utskifting og reparasjon vart naudsynt etter ei tid. Blendingsreglane var leitte å kontrollera, og brot resulterte i ubehageleg besøk av myndigheitene.

Etter at andre verdskrigen var over 8. mai 1945 kunne ein kasta blendingsgardinene. Då vart det i mange norske byar arrangert ein «felles bålfest», der folk kunne koma med blendingsgardinene sine til torga i byen eller ein annan open plass der gardina vart brunne til allmenn jubel.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre